Trygve Halvdan Lie
(
16. juli
1896
–
30. desember
1968
) var ein
norsk
politikar
. Fra
1946
til
1952
tente han som den fyrste valde
generalsekretæren
for
Dei sameinte nasjonane
. Han var i ein periode partisekretær i
Arbeidarpartiet
, i tillegg til at han hadde ulike regjeringspostar opp gjennom karrieren.
Den internasjonale politiske erfaringa han fekk, bade som utanriksminister i eksil i
London
og som generalsekretær i SN, var uvanleg for norske politikarar pa den tida.
Lie vart fødd i
Oslo
(da Kristiania)
16. juli
1896
. Far hans, Martin, forlet familien for a arbeide som
snikkar
i
USA
og mora Hulda dreiv eit vertshus. Lie vart med i
Arbeidarpartiet
i
1911
og vart utnemnd til partisekretær kort etter a ha vorte
cand.jur.
fra
Universitetet i Oslo
i 1919. Lie gifta seg med Hjørdis Jørgensen i 1921. Paret fekk tre døtrer: Sissel, Guri og Mette.
Lie var sekretær i
Arbeidarpartiet
fra 1919 til 1922 og etter dette juridisk konsulent for
Arbeidernes faglige Landsorganisasjon
(det seinare
LO
) fram til 1935. Fra 1935 til hausten 1939 var Lie
justisminister
, og fra
1. oktober
1939
handelsminister
og
forsyningsminister
i
Nygaardsvoldregjeringa
.
Lie var ein tidleg tilhengjar av
oktoberrevolusjonen
i
Russland
, og møtte
Vladimir Lenin
. Han tillet og
Lev Trotskij
a busetje seg i
Noreg
da han vart send i eksil fra
Sovjetunionen
. Det ryktast at Lie gav etter for press fra
Josef Stalin
sitt ynske om a fa Trotskij sett i husarrest, sjølv om dette korkje kan stadfestast eller avkreftast. Seinare nekta Lie Trotskij a forlate Noreg etter at Trotskij hadde brote løftet sitt om ikkje a drive med politisk verksemd medan han var i Noreg.
I 1940 gav Lie ordre om at alle norske skip skulle sigle til
allierte
hamner da
Tyskland
invaderte Noreg. Han overtok posten som
utanriksminister
i november 1940, da
Halvdan Koht
vart tvungen til a ga av, formelt fra
21. februar
1941
. Da sat regjeringa i
London
, den sakalla
Londonregjeringa
. Forsvarsminister
Oscar Torp
og Lie representerte tyngdepunkt i eksilregjeringa. Med diplomatisk dugleik og handlekraft gjorde Lie sitt til a styrkje Noreg si stilling i høve til dei allierte under
andre verdskrigen
. Lie sitt tilhøve til statsminister
Johan Nygaardsvold
var ikkje prega av full tillit. Nygaardsvold sag Lie sin energiske innsats, men kunne trekkja lojaliteten hans i tvil. Lie var utanriksminister fram til 1946.
Lie leidde den norske delegasjonen til SN-konferansen i
San Francisco
i
1946
og hadde ei viktig rolle i a skape provisjonane for
Tryggingsradet
. Han leidde og den norske delegasjonen til den fyrste
generalforsamlinga for SN
same aret.
1. februar
1946
vart han vald som fyrste
generalsekretær
for SN, som eit kompromiss mellom dei sentrale grunnleggingsnasjonane. Lie var ansvarleg for a sikre ei tomt til SN sitt hovudkvarter i samarbeid med
John D. Rockefeller jr.
Som generalsekretær støtta Lie grunnlegginga av
Indonesia
og
Israel
. Han arbeidde for at
sovjetiske
troppar skulle trekkjast ut or
Iran
, og for vapenkvile i
Kashmir
.
Sovjetunionen
uttrykte misnøye med Lie da han hjelpte til med a skaffe støtte til
Sør-Korea
da dei vart
invaderte
i
1950
. Lie arbeidde og for at
Sovjetunionen
skulle avbryte boikottinga si av SN, sjølv om han truleg hadde lite a gjere med at boikotten vart avslutta. Han motsette seg
spansk
medlemskap i SN grunna personleg motstand mot
Francoregimet
. Han arbeidde og for at
Folkerepublikken Kina
skulle anerkjennast som medlem av SN etter at nasjonalistregjeringa gjekk i eksil pa
Taiwan
. Han meinte at
Folkerepublikken Kina
var dei einaste som kunne oppfylle Kina sine obligasjonar fullt ut.
Lie har vorte kritisert for a ikkje ha bidratt til forhandlingar under
Berlinblokaden
, og for ikkje a ha makta a avslutte
Koreakrigen
snarare. Han har og fatt kritikk for a vere arrogant og sta.
Trass i protestar fra Sovjetunionen, vart Lie sin periode forlenga i
1950
, da
USA
nedla veto mot alle andre moglege kandidatar, og Sovjetunionen nekta a godta at Lie fekk ein periode til, grunna i Lie si rolle i
Koreakrigen
. Sovjetunionen nekta a erkjenne han som generalsekretær i den andre perioden hans, og etter skuldingar fra
Joseph McCarthy
for a ha hyra ≪illojale≫ amerikanarar, trekte Lie seg som generalsekretær
10. november
1952
.
Trygve Lie var
fylkesmann
i Oslo og Akershus fra 1955 til 1963, da han kom tilbake til politikken, som
industriminister
fra 1963 til 1964, og som
handelsminister
fra 1964 til 1965.
Sjølv om han aldri vart nokon populær politikar, vart han respektert og hadde eit godt omdøme som pragmatisk og effektiv.
Trygve Lie vart tildelt ei lang rekkje norske og utanlandske ordenar, m.a.
Medaljen for borgardad
i 1966, storkrossen av
Dannebrogsordenen
i 1954 og storkrossen av
St. Olavs Orden
i 1953.
Lie døydde
30. desember
1968
av hjartesvikt, 72 ar gamal.