Trondheim
(
sørsamisk
Traante
[1]
) er ein by og administrasjonssenteret i
Trondheim kommune
i
Trøndelag fylke
. Byen ligg kring munningen av
Nidelva
og er den tredje største byen i
Noreg
med 207 015 inbyggjarar (per 1. oktober 2020).
[2]
Byen vart ifølgje sagaforteljingar grunnlagd av
Olav Tryggvason
i ar 997, og var hovudstad i Noreg mellom 997 og 1217. I 1997 feira byen tusenarsjubileum.
Trondheim er sete for fylkesordføraren i Trøndelag fylke og er eit etablert regionsenter for
Trøndelag
. Pa Tyholt ligg distriktskontora til
NRK
. Byen har det nest største universitetet i Noreg;
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
(NTNU) og fleire vidaregaande skular. I Trondheim ligg
Nidarosdomen
,
Kristiansten festning
,
St. Olavs hospital
og
Rockheim
.
Grakallbanen
i byen er den einaste noverande trikkelina i Noreg utanfor
Oslo
og
Bergen
.
Kaupang
er eit gamalt namn pa byen, men
Nidaros
er nok betre kjent. Nidaros viser til at byen lag ved oset eller utløpet til Nidelva. I mellomalderen nytta ein bade Nidaros og Trondheimen om staden. Under det danske styret vart ei fordanska kortform av namnet, Trondhjem, teken i bruk. Det norrøne namnet Nidaros vart gjeve tilbake til byen 1. januar 1930, da han skifte namn fra Trondhjem. Etter ein bitter namnestrid vart han døypt om til
Trondheim
aret etter. Mange innbyggjarar kallar han likevel framleis Trondhjem eller Trannhjæm med lokal uttale.
[3]
Byen har namn pa fleire anerkjende minoritetssprak i Noreg. Pa det lokale
samiske spraket
sørsamisk
blir byen kalla
Traante
, pa
nordsamisk
Troandin
,
[4]
og pa
kvensk
Tronjami
.
[5]
Byen har og ein særleg, men utdatert, skrivemate pa
tysk
:
Drontheim
.
[3]
Tradisjonen seier at
Olav Tryggvason
grunnla byen i 997, men det er mykje som tyder pa at det da allereie var ein tettstad pa staden. Bygginga av
Nidarosdomen
tok til i 1070, over grava til
Heilag-Olav
, og kyrkja stod ferdig om lag 1320. Byen var hovudstad i Noreg mellom 1030 og 1217.
Trondheim har hatt fleire store
bybrannar
, den mest kjende er
Hornemansbrannen
den 19. april 1681. Etter denne brannen kom
Johan Caspar von Cicignon
fra
Luxembourg
for a laga ein ny plan for byen. Han braut heilt med den gamle bystrukturen fra mellomalderen og dreiv igjennom vide, rette gater for a hindra fleire slike storbrannar. Denne planen pregar framleis bybiletet. Diverre var ikkje dette nok, husa var framleis av tre og tok like lett fyr. Ein ny brann i 1708 øydela heile sentrum i byen. Etter to storbrannar i 1841 og 1842 innførte bystyret murtvang, det vil seie at bygningane vart bygde i mur heller enn tre, og det vart slutt pa store bybrannar.
Opphavleg var Trondheim by omradet pa byhalvøya, medan omrada rundt høyrde til
Strinda
herad
. Han vart utvida fleire gonger og fekk grensa han no har i 1964, da kommunane
Strinda
,
Byneset
,
Leinstrand
og
Tiller
blei slegne saman til den nye kommunen Trondheim.
Trondheim er sete for biskopen i Nidaros og sidan 2011 og for primas for
Den norske Kyrkja
. Viktige statlege institusjonar i Trondheim er
Direktoratet for arbeidstilsynet
,
Miljødirektoratet
og
Domstoladministrasjonen
.
Trondheim er eit viktig skule- og utdanningssentrum. Byen har fleire vidaregaande skular med mange studieretningar. Under
Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet
(NTNU), som vart oppretta ved ei omorganisering av
Universitetet i Trondheim
i 1996, høyrer dei tidlegare institusjonane: Den allmennvitenskapelige høgskolen,
Norges tekniske høgskole
,
Det medisinske fakultet
,
Vitenskapsmuseet
,
Kunstakademiet i Trondheim
og
Trøndelag musikkonservatorium
. I Trondheim ligg og
Norges geologiske undersøkelse
,
Det kongelige norske videskabers selskab
og
Statsarkivet i Trondheim
, som utanom Trøndelag og dekkjer Møre og Romsdal og Nordland. I Trondheim ligg universitetssjukehuset
St. Olavs Hospital
, under det divisjon Psykisk helsevern med avdelingane Østmarka, Haukasen og Brøset.
[6]
Adresseavisen
, lokalt kalla
Adressa
, er den eldste dagsavisa i Noreg og kjem ut i Trondheim. Pa Tyholt held distriktskontoret for NRK Trøndelag til, og her er og administrasjonen for rikskanalane P1 og P3 lokalisert. Kulturtilboda elles omfattar mellom anna Trondheim Symfoniorkester, Trondheimsolistene, Trøndelag Teater, Trondhjems kunstforening og
Trondheim kunstmuseum
,
Nordenfjeldske kunstindustrimuseum
og Olavshallen (konserthus). Trondheim kino vart oppretta i 1918 og har to kinosenter; Nova med 11 salar og Prinsen med 8 salar. Pa Brattøra ligg Norges nasjonale opplevingssenter for pop og rock, Rockheim. Under
olsok
blir dei arlege
Olavsfestdagene
arrangert.
Trondheim har omkring 25 museum, samlingar eller bygningar av museal karakter.
[6]
Trondheim er eit kommunikasjonsknutepunkt med gode samband til distrikta omkring og andre delar av landet.
E 6
gar i retning sør over
Dovre
og
Gudbrandsdalen
, og gjev samband heilt til
Oslo
. E 6 fører nordover til Nord-Trøndelag og vidare til Nord-Noreg. I byen er det eit omfattande nett med bussruter. Den interne bussdrifta er driven av busselkapet AtB.
Jarnbana kom til Trondheim i 1864 da Størenbana vart opna. I dag fører
Rørosbana
og
Dovrebana
sørover til Austlandet, og
Nordlandsbana
fører nordover til
Bodø
. Fra Nordlandsbana tek
Merakerbana
av ved Hell i Stjørdal og gar vidare til Sverige.
Trondheim hamn er ei viktig import- og eksporthamn, og
Hurtigruta
kjem innom bade pa nord- og sørgaande ferd.
Trondheim lufthamn, Værnes
ligg 37 kilometer aust for bysenteret, i
Stjørdal kommune
, og har tidgjengde avgangar til inn- og utland.
- Peter Wessel Tordenskjold
(f. 1690), sjøoffiser
- Kristofer Kristofersen
(1851?92), norsk forfattar og journalist
- Hjalmar Andersen
(f. 1923), skøyteløpar
- Arve Tellefsen
(f. 1936), fiolinist
- Liv Ullmann
(f. 1939), skodespelar og regissør
- Jan Erik Kongshaug
(1944?2019), lydteknikar, jazzgitarist, stiftar av Rainbow Studio
- Odd Iversen
(1945?2014), fotballspelar
- Odd Reitan
(f. 1951), kjøpmann, popmusikar
- Hilmar Fredriksen
(f. 1953), biletekunstnar
[7]
- Erlend Loe
(f. 1969), forfattar
- Tonje Angelsen
(f. 1990), friidrettsutøvar
- ↑
≪Samisk namn pa Røros og Trondheim≫
,
Regjeringa.no
(Kommunal- og distriktsdepartementet), 9. september 2022
, henta 9. september 2022
- ↑
SSB kommunefakta for Trondheim
- ↑
3,0
3,1
≪Fakta om Trondheim≫
. bysiden.no
. Henta 17. juni 2013
.
- ↑
≪Troandin≫
.
Wikipedia, friddja diehtosatnegirji
(pa nordsamisk). 3. oktober 2019.
- ↑
≪Kvenske stedsnavn≫
,
www.kvenskestedsnavn.no
, henta 25. august 2020
- ↑
6,0
6,1
≪Trondheim≫
.
Store norske leksikon
. 02.08.2016
. Henta 11. september 2016
.
- ↑
Hilmar Fredriksen
.
Store norske leksikon
. Vitja 14. juli 2020
63°25′47″N
10°23′36″E
/
63.42972°N 10.39333°E
/
63.42972; 10.39333