한국   대만   중국   일본 
Tranøy kommune ? Wikipedia Hopp til innhald

Tranøy kommune

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For øya i Fitjar, sja Tranøy i Fitjar
Tranøy kommune
tidlegare kommune
Kommunevapen
Land   Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Vangsvik
Areal 524  km²
 •  land 500  km²
 •  vatn 24  km²
Malform nøytral
Ordførar Jan F. Jenssen ( H )
Kommunenr. 1927
Kart
Tranøy
69°11′29″N 17°21′44″E  /  69.191388888889°N 17.362222222222°E  / 69.191388888889; 17.362222222222
Wikimedia Commons: Tranøy
Nettstad: www.tranoy.kommune.no

Tranøy kommune ( nordsamisk Ranaidsullo suohkan ) er ein tidlegare kommune i daverande Troms fylke . Kommunen lag pa den sørlege delen av øya Senja . Kommunen grensa til Torsken kommune i nordvest, til Berg kommune i nord, og til Lenvik kommune i aust. Over sundet i aust lag Dyrøy , mot sør Ibestad kommune og i sørvest Harstad kommune .

Lemmingsvær, ei øy mellom Senja og Bjarkøy som vart ført over til Tranøy kommune i 1964

Tranøy kommune hadd sine siste grenser fra 1964, da den ytste delen av Senja, Lemmingvær og sørsida av Selfjorden vart overført fra høvesvis Bjarkøy og Torsken, medan omrada pa fastlandet pa sørsida av Solbergfjorden vart overført til Dyrøy og Stormoenomradet sør for kaperelva pa Senja til Lenvik.

Administrasjonssenteret i kommunen lag i Vangsvik , ved Solbergfjorden , medan helse- og sosialadministrasjon hadde sete i Stonglandseidet . Kommunen hadde ingen tettstader.

Næringsliv [ endre | endre wikiteksten ]

Dei viktigaste jordareala i det tidlegare kommuneomradetligg pa kambrosilurmark . Dei kalkhaldige bergartane gjev god dyrkingsjord, og jordbruket speler ei viktig rolle i næringslivet i tidlegare Tranøy kommune. Det meste av jordbruksarealet blir brukt til grasproduksjon, i tillegg til dyrking av nokre forvekster og poteter. Pa myromrada i dei austlege delane av kommunen har det vore drive ei betydeleg nydyrking etter 1945. Jordbruk blir i stor grad drive som kombinasjonsnæring, særleg saman med fiske. Avverkinga i skogane er lag.

Fiske var den viktigaste næringsvegen i kommunen, særleg i dei ytste delane som ligg nær opp til dei store fiskefelta i Vesteralen og Sør-Troms. Berre ein mindre del av fangstane blei bringa i land i kommunen. Av dei yrkesaktive hadde i 2001 39 % arbeid utanfor kommunen, 25 % i Lenvik og 5 % i Tromsø . [1]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Landskapet i Tranøy kommune er prega av relativt høge fjell i grunnfjellsomradet ( Svanfjellet 898 moh. pa grensa til Berg og Torsken), og eit flatare landskap i dei austlege delane, myrlendt med bjørkeskog. I Tranøy ligg Anderdalen nasjonalpark , som er 68 km² stor med svært variert natur, mellom anna urskog og kjempefuruer.

Kommunen har hatt forholdsvis stor utflytting sidan andre verdskrig , med eit minkande folketal som resultat. [1]

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 ≪Tranøy ? kommune≫ . Store Norske Leksikon . Henta 21. oktober 2013 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tranøy kommune