Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Torneelva
(
finsk
Tornionjoki
,
svensk
Torne alv
,
Tornealven
,
nordsamisk
Duortneseatnu
,
meankieli
Tornionvayla
) er ei elv nord i
Sverige
og
Finland
. Om lag halvparten av elva dannar grensa mellom desse to landa. Ho har sitt utspring i
Tornesjøen
(svensk
Tornetrask
) nær grensa til
Noreg
, og renn stort sett søraustover i 522 km, før ho munnar ut i
Bottenvika
. Ho er den største elva i
Norrbottens lan
bade i lengd og
nedslagsfelt
.
Ved
Freden i Fredrikshamn
i 1809, da Sverige miste omrada til
Russland
som i dag utgjer Finland, vart elva i lag med
Muonioelva
og
Konkamaelva
vald som grense mellom Sverige og det nye russiske
Storhertugdømet Finland
, og dei svenske provinsane
Lappland
og
Vasterbotten
vart delt.
Byar langs Torneelva har ofte bade svensk og finsk namn, som
Haparanda
(fra finsk
Haaparanta
, ≪Ospstrand≫) og
Tornea
(fra finsk
Tornio
).
Dei største sideelvane (lengre enn 100 km) i den svenske delen av nedslagsfeltet til Torneelva er
Lainioelva
,
Muonioelva
,
Rautaselva
,
Tengelionelva
og
Vittangiaelva
.
Tarendoelva
er ei todelt elv som renn ut i
Kalixelva
nær
Junosuando