한국   대만   중국   일본 
Tiberøya ? Wikipedia Hopp til innhald

Tiberøya

Koordinatar : 41°53′27″N 12°28′38″E  /  41.89083°N 12.47722°E  / 41.89083; 12.47722
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tiberøya sett fra søraust.
Tiberøya fra 1593.

Tiberøya ( italiensk Isola Tiberina , latin : Insula Tiberina ) i Roma i Italia er den einaste øya i elva Tiber . I den sørlege svingen av Tiber er det ei batforma øy som er om lag 270 meter lang og 67 meter brei pa det breiaste. Øya har alltid vore assosiert med medisin. I antikken lag tempelet for Asklepios , den greske guden for medisin og læking, og framleis ligg det eit sjukehus her.

Sidan øya har vore forbunde til resten av Roma via to bruer sidan antikken har ho stundom berre vorte kalla Insula Inter-Duos-Pontes (≪øya mellom to bruer≫). Ponte Fabricio , den einaste originale brua i Roma, gar til øya fra nordaust til Campus Martius i bydelen Sant'Angelo . Brua Ponte Cestio , der berre enkelte delar av den opphavlege brua er att, gar fra øya til Trastevere pa sørsida.

Segn [ endre | endre wikiteksten ]

Opphav [ endre | endre wikiteksten ]

I følgje ei segn skal liket den mykje hata tyrannen Tarquinius Superbus ( 510 f.Kr. ) ha vorte kasta i Tiber av sinte romarar. Han vart liggande pa botn, der skit og slam samla seg opp rundt han og skapte øya. Ei anna utgave av segna er at folket samla i saman alt kornet til tyrannen og kasta det i Tiber, der det til slutt danna øya.

Pa grunn det dystre opphavet rekna romarane øya som ein stad for darlege varsel. Fram til tempelet vart bygd gjekk ingen i land pa øya og berre dei verste kriminelle og folk med smittsame sjukdomar vart forvist til øya resten av livet sitt.

Basilika di San Bartolomeo all'Isola pa Tiberøya

Asklepiostempelet [ endre | endre wikiteksten ]

Vestsida av Tiberøya. Travertinsteina gjev øya den karakteristiske forma.
Sørvestsida av øya.

Ei segn fortel at i 293 f.Kr. var det ein stor pest i Roma. Etter a ha radspørja Sibyllen vart det romerske senatet bede om a byggje ei tempel til Asklepios , den greske lækjarguden og sende ein delegasjon til Epidauros for a fa ein statue til heilagdomen. Romarane fekk tak i ein slange i tempelet, som krølla seg rundt masta pa skipet og dette vart sett pa som eit godt teikn. Da dei kom tilbake for slangen av baten og sumde i land pa øya. Dette vart sett pa som guden sitt eige val pa kor tempelet skulle sta. Tempelet vart bygd her og pesten enda.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Øya vart sa knytt opp til tempelet og segna at romarane etter kvart nytta travertinstein til a forme øya som eit skip, og ein obelisk vart reist pa midten for a symbolisere masta til skipet. Det vart bygd murar rundt øya og til slutt likna ho pa eit romersk skip.

Inngangen til sjukehuset Fatebenefratelli ( Ospedale Fatebenefratelli )

Etter kristendomen kom til Roma vart obelisken erstatta av ei søyle med ein kross pa toppen. Etter søyla vart øydelagd i 1867 fekk pave Pius IX bygd ein ædikula , kalla ≪Spiret≫, pa staden. Dette monumentet, utforma av Ignazio Giacometti , er dekorert med statuar av dei fire helgenane som er forbunde med øya: St. Bartolomeus , St. Paulinus av Nola , St. Francis og St. Johannes . Delar av obelisken er i dag i eit museum i Napoli .

I 998 fekk keisar Otto III av Det tysk-romerske riket bygd ein ny basilika kalla San Bartolomeo all'Isola over ruinane av Asklepiostempelet. Denne vart tileigna venen hans, martyren Adalbert av Praha og namnet til Bartolomeus vart lagt til seinare.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

41°53′27″N 12°28′38″E  /  41.89083°N 12.47722°E  / 41.89083; 12.47722