The Economist

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
The Economist

Land Storbritannia
Type Tidsskrift
Innhald Samfunnsøkonomi , politikk
Grunnlagd 1843
Eigarar The Economist Group
Grunnlegger(ar) James Wilson
Sjefredaktør(er) Zanny Minton Beddoes (2015) [1]
Sprak Engelsk
Hovudkvarter London
ISSN 0013-0613 , 1476-8860
OCLC 531780543
Nettstad https://www.economist.com/ (engelsk)

The Economist er eit britisk nyheitsmagasin som blir gitt ut kvar veke av The Economist Newspaper Limited. Journalistikken dekkjer politikk , økonomi , vitskap , teknologi , og kultur , med klar hovudvekt pa politikk , økonomi og finans . Journalistikken til The Economist dekkjer heile verda, men Storbritannia , USA , og Kina blir vigd særleg plass.

Bladet omtaler seg sjølv som ei avis ( newspaper ), ettersom journalistikken for det meste dekkjer nyheiter . Vekevis utgiving, A4-formatet og den glansa papirkvaliteten gjer det derimot lett a rekna The Economist som eit tidsskrift . Dette er ogsa fordi journalistikken er svært databasert, og vektlegg djupare analysar framfor kontinuerleg nyheitsdekking. [2] [3] The Economist driv eit eige forskings- og analysebyra med store samfunnsvitskaplege databasar under The Economist Intelligence Unit, som utarbeider datamaterialet for artiklane til magasinet. [4]

The Economist blei grunnlagd av den skotske økonomen og politikaren James Wilson i september 1843. [5] Magasinet har i dag ein sirkulasjon pa ca. 1,5 millionar kopiar i veka. [6] Noverande redaktør er den britiske økonomen og journalisten Zanny Minton Beddoes. [7] Magasinet blir trykt kvar torsdag, og blir gjeve ut i Noreg pa laurdagar.

The Economist har kontor i Bangkok , Beijing , Berlin , Brussel , Kairo , Delhi , Edinburgh , Frankfurt am Main , Hongkong , Johannesburg , London , Los Angeles , Mexico by , Moskva , New York City , Paris , Riga , San Francisco , Sao Paulo , Tokyo og Washington, DC .

Redaksjonelt standpunkt [ endre | endre wikiteksten ]

The Economist har eit uttalt liberalt , sentrumsnært politisk grunnsyn. The Economist var tidleg ute med a støtta mellom anna homofilt ekteskap , legalisering av prostitusjon , aktiv dødshjelp , legalisering av cannabis , og strengare vapenlover i USA . Magasinet er uttalt tilhengjar av marknadsliberalisme , frihandel og internasjonalt samarbeid. [8] Det har strenge krav for faktasjekking, journalistisk nøytralitet og korrektur. [9] Ingen av artiklane i magasinet blir underskrivne av individuelle journalistar; i staden blir alle artiklar gjevne ut av The Economist i og for seg, slik at magasinet ≪skal tala med ei kollektiv stemme≫. Journalistar i magasinet samarbeider ofte om artiklar og rapportar, noko som ifølgje redaksjonen sikrar nøytraliteten og objektiviteten til artiklane. [10]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. https://www.weforum.org/people/zanny-minton-beddoes/ .
  2. Leadership, The Berlin School Of Creative. ≪10 Journalism Brands Where You Find Real Facts Rather Than Alternative Facts≫ . Forbes (pa engelsk) . Henta 21. mars 2021 .  
  3. Pressman, Matt. ≪Why Time and Newsweek Will Never Be The Economist≫ . Vanity Fair (pa engelsk) . Henta 21. mars 2021 .  
  4. ≪About us≫ . Economist Intelligence Unit (pa engelsk) . Henta 21. mars 2021 .  
  5. ≪About us≫ . The Economist (pa engelsk) . Henta 21. mars 2021 .  
  6. ≪Worldwide Brand Report 2020≫ (PDF) . Henta 21.03.2021 .  
  7. ≪Zanny Minton Beddoes≫ . Economist . Henta 21. mars 2021 .  
  8. ≪There’s a word for that≫ . The Economist . 4. november 2004. ISSN   0013-0613 .  
  9. ≪About us | Help | Economist.com≫ . web.archive.org . 28. februar 2009. Arkivert fra originalen 28. februar 2009 . Henta 21. mars 2021 .  
  10. ≪Why are The Economist’s writers anonymous?≫ . The Economist . 4. september 2013. ISSN   0013-0613 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: The Economist