한국   대만   중국   일본 
Terschelling ? Wikipedia Hopp til innhald

Terschelling

Koordinatar : 53°24′N 4°19′E  /  53.400°N 4.317°E  / 53.400; 4.317
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Satellittbilete av Terschelling
Plassering
Plassering av Terschelling
Plassering av Terschelling
Styresmakter
Land
Provinsar
  Nederland
Friesland
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

674,00 km²
  88,10 km²
  585,90 km²
Innbyggjarar Statline
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

4 702
  53/km²
Koordinatar 53°24′N 4°19′E  /  53.400°N 4.317°E  / 53.400; 4.317
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.terschelling.nl

Terschelling ( frisisk Skylge ) er ein kommune og ei øy nord i Nederland og er ei av Dei vestfrisiske øyane .

Øybuarane i Vadehavet er kjend som særs resursfulle og nyttar alt som driv i land pa øyane. Det er fa tre pa øya som kan nyttast til tømmer, sa dei fleste gardane og lavane er bygd med master som er berga fra skipsvrak. Øya er omringa av kjende skipsvrak og sjølv i dag driv mange containerar i lang som har blest av dekk pa lasteskip i Nordsjøen . Det meste kjende skipsvraket ved Terschelling er kanskje ≪Lutine≫ . Bjølla fra dette skipet heng i dag i Lloyd's of London . Eit anna kjend skip er ≪Oka 18≫, som sokk nær byen Formerum. Fram til nyleg har skorsteinen pa skipet stikke opp av sjøen.

Hovudnæringa til Terschelling er turisme. Det er noko jordbruk, men store delar av øya har vorte eit naturreservat.

Terschelling har ferjesamband fra Harlingen pa fastlandet.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Øya slik ho er i dag vart forma i mellomalderen fra eit sandomrade kalla De Schelling i vest og den opphavlege øya Wexalia i aust. Namnet Wexalia, Wuxalia eller Wecsile er mellomaldernamnet pa den austlege delen av Terschelling. Dette namnet forsvann derimot pa slutten av mellomalderen.

Dei eldste spora etter menneske pa Terschelling er fra rundt 850 , da ei lita trekyrkje vart bygd pa ein as nær Seerijp eller Striep. Asen vart seinare nytta som gravplass og vert i dag kalla Strieperkerkhof.

Tidlegare var det ei viss spenning mellom innbyggjarane vest pa øya, som hovudsakleg var sjømenn, og innbyggjarane aust pa øya, som hovudsakleg var bønder. I 1612 førte dette til at øya vart delt i to sjølvstendige politiske einingar, Vest-Terschelling og Aust-Terschelling. Først etter den franske okkupasjon pa byrjinga av 1800-talet vart Terschelling samla igjen.

I 1666 vart Vest-Terschelling plyndra av engelskmennene. Den engelske flaten planla opphavleg a ga til atak pa den nederlandske handelsflaten som lag til kai ved kysten av Vlieland , som er naboøya i vest. Da dei nederlandske fartøya trekte seg tilbake mot Terschelling følgde engelskmennene etter og øydela 150 nederlandske skip og gjekk i land i hamna pa Vest-Terschelling. Byen vart brend ned, ei hending som fekk namnet Holmes-balet etter den engelske admiralen Holmes . Aret etter, i 1667 , utførte nederlendingane under De Ruyter sin kommando ein hemnaksjon og paførte den engelske marinen eit kraftig slag under raidet pa Medway (og kalla slaget ved Chatham), som enda den andre engelsk-nederlandske krigen .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]