한국   대만   중국   일본 
Tavle-Jakob ? Wikipedia Hopp til innhald

Tavle-Jakob

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tavle-Jakob
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1734
Giske kommune
Død

2. juli 1827 (93 ar)
Vigra

Yrke treskjerar , kunstmalar

Jakob Sørensson Giskegaard [1] ( 12. oktober   1734 3. juli   1827 ), betre kjend som Tavle-Jakob , var ein norsk biletkunstnar og treskjerar fra Giske pa Sunnmøre . [2]

Tavle-Jakob var fødd pa eit leiglendingsbruk under storgarden Giske. 22 ar gamal fekk han i oppgave a lage ny altartavle i Giske kyrkje . Han mangla reiskapar til a skjere i tre, og tok difor i bruk nokre ljaspissar som han omforma til knivar .

Etter han gifta seg i 1766 dreiv han eit bruk pa garden Klokkarsund i Borgund . Kring 1778 matte han ga fra garden. Han budde sa fram til 1781 pa Alnes i Giske, der kona var i fra. I 1782 budde han i Steinvagen, nær sentrum i den seinare byen Alesund. Ved folketelijinga 1801 budde han pa garden Giske att, der to av sønene var i ferd med a sla seg ned som leiglendingsbønder. Jakob flytta noko etter til garden Roald pa øya Vigra , der han fekk seg eit lite stykke jord.

Forutan a ha statt for mykje av interiøret i Giske kyrkje, skar han fem altertavler til fem kyrkjer pa Sunnmøre, attat ei i Romsdal . Han stod bak altertavler til Vigra kyrkje , Vatne kyrkje , Skodje kyrkje og Sandøy kyrkje . [2] Den siste tavla gjorde han seg ferdig med da han var over 80 ar gamal. Ved sidan av desse lagde Tavle-Jakob ogsa ei rekkje epitafium , almissebøsser og lause figurar. [3]

Tavle-Jakob døydde som fattiglem pa Roald i 1827.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Jakob Sørensen Giskegaard - ( Bildekunstner ) Kulturnett.no
  2. 2,0 2,1 Norsk kunstnerleksikon , b.A-G, Jacob Sørensen Giskegaard side 741 digital utgave
  3. Harald Grytten (2009). ≪Tavle-Jacob si altertavle i Skodje kyrkje≫. Skodje Kyrkje 1860-2010. Arsskrift for Skodje Sogelag 2009 . Skodje. s. 53. ISBN   978-82-991414-2-0 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]