한국   대만   중국   일본 
Sunndalsøra ? Wikipedia Hopp til innhald

Sunndalsøra

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sunndalsøra
tettstad
Sunndalsøra ligg inst i Sunndalsfjorden
Land   Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Sunndal
Areal 3,51  km²
Folketal 4 110   (2023)
Folketettleik 1 171 / km²
Postnummer 6600 SUNNDALSØRA
Preposisjon pa Sunndalsøra
Kart
Sunndalsøra
62°40′31″N 8°33′05″E  /  62.675277777778°N 8.5513888888889°E  / 62.675277777778; 8.5513888888889
Wikimedia Commons: Sunndalsøra

Sunndalsøra er kommunesenteret i Sunndal kommune , ein tettstad med 4 110 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Sunndaløra var berre nokre fa hus nedmed fjøra og mellom dei bratte fjella inst i Sunndalsfjorden før aluminiumsverket , som kom i drift fra 1954 .

Da kom det folk fra store delar av landet til staden for a arbeide og busetje seg der.

Det utvikla seg ein noksa særmerkt tettstads kultur pa Sunndalsøra, folkeleg og prega av arbeidarklassen og sosialdemokratiske likskapsideal og offentleg styring av utviklinga. Truleg er Sunndalsøra den tettstaden i Noreg som har største delen av bustadmassen sin i bustadsamvirket , med bade blokker, rekkjehus og jamvel nokre einebustader innan kooperasjonen.

Dialekta pa Sunndalsøra er nordmørsk , og har mellom anna kløyvd infinitiv, men skil seg som eit typisk bymal ut fra dialektene omkring ved ei kraftig forenkling av grammatikken og ordbøyingane.

Sidan aluminiumsverket i 2004 var ferdig modernisert og no er det største og mest moderne i Europa , er framtida til tettstaden og kommunen sikrare enn det ein frykta for fa ar tilbake. Forureininga fra aluminiumsverket er og berre ein brøkdel av det ho var, og Sunndalsøra framstar i dag som ein rein og vel utbygd smaby som har dei fleste tilbod folk treng. Attat aluminiumsverket og forskingsmiljøet der, har Sunndalsøra eit avansert forskingsmiljø nar det gjeld akvakultur og ein vidaregaande skule med mange studieretningar.

Folket i Sunndal kommune stemte nei til at Sunndalsøra offisielt skulle bli ein by ved ei lokal folkerøysting i 1999.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]