Stuping

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Stuping er ein populær fritidsaktivitet.
Konkurranseutøvar i svikt-stuping.

Stuping er ein sport og ein aktivitet der utøvaren utfører akrobatiske stup eller fall ned i vatn. Stuping som sport er ein internasjonalt godkjent sport som er del av dei olympiske leikane . I tillegg er stuping ei vanleg form for rekreasjon pa stadar der symjing er populært.

Stuping ein av dei mest populære olympiske øvingane i tal pa tilskodarar. Utøvarane deler mange av dei same eigenskapane som gymnastar : styrke, fleksibilitet og kinestetisk kunne.

Internasjonalt vert det arrangert VM og EM annakvart ar.

Disiplinar [ endre | endre wikiteksten ]

Det vert konkurrert i 1 m svikt, 3 m svikt og tarnstup. I internasjonale meisterskap vert det stupt fra 10 m i tarnstup

Stup vert delt inn i seks ulike grupper:

  1. Framlengse stup: stup med framlengs sats og framlengs rotasjon.
  2. Baklengs stup: stup med baklengs sats og baklengs rotasjon.
  3. Reversert stup: stup med framlengs sats og baklengs rotasjon.
  4. Innoverstup: stup med baklengs sats og framlengs rotasjon
  5. Skrustup: stup med skru, bade framlengs, baklengs, reversert, innover og handstaande.
  6. Handstaande stup (berre tarnstup): framlengs, baklengs, reversert og skru.

Kvar deltakar skal i konkurransar stupe ein serie som pa førehand er meldt inn til arrangøren. Denne serien skal avhengig av konkurranseklasse innehalde eit visst tal stup og tilfredsstille visse kriterium.

Ord og uttrykk i stuping [ endre | endre wikiteksten ]

volt
I stuping er volt ein salto som kan utførast i tre ulike posisjonar:
  • strak posisjon
  • knekk-posisjon
  • kroppert-posisjon
isander
reversert stup (301).
mollbergar
reversert salto.
kroppering
posisjon i salto der bade kne og hofte vert bøygd.
knekk
posisjon der hofta blir bøygd og knea er strake.
strak
posisjon der bade hofta og knea er strake.
flygande stup
stup der første halve saltoen av stupet vert utført i strak posisjon.
herveli
Fra finsk og betyr 'armar og bein'. 1 1/2 framlengs volt med heil skru (5132D). Namnet stammar truleg fra at dei første som gjennomførte stupet ikkje klarte a halde armer og bein samla.
sugenedslag eller ripp-nedslag
nar stuparen entrar vantet utan at det sprutar. Dette er ofte eit symptom pa at stupet er 'rett' gjennomført, sjølv om mange stuparar klarer a fa til eit ripp-nedslag sjølv etter ein darleg utgang. Det gjer i alle fall inntrykk pa dommarane.