한국   대만   중국   일본 
Stordal kommune ? Wikipedia Hopp til innhald

Stordal kommune

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Stordal kommune
kommune
Kommunevapen
Land   Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Stordal
Areal 247  km²
 •  land 244  km²
 •  vatn km²
Malform nynorsk
Ordførar Eva Hove ( Ap )
Kommunenr. 1526
Kart
Stordal kommune
62°23′24″N 7°06′38″E  /  62.39°N 7.1105555555556°E  / 62.39; 7.1105555555556
Wikimedia Commons: Stordal
Nettstad: www.stordal.kommune.no

Stordal er ein tidlegare norsk kommune pa Sunnmøre i Møre og Romsdal . Han grensa til Ørskog i nordvest, Vestnes i nord, Rauma i aust, Norddal i søraust, Stranda i sør og til Sykkylven i vest.

Kommunen vart oppretta da han vart skild ut fra Stranda kommune i 1892. Han vart slatt saman med Ørskog kommune og Skodje kommune i 1965, men den nye storkommunen vart oppløyst att i 1977, og Stordal vart eigen kommune igjen. Stordal var ved samanslainga den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Norddal til Fjord kommune .

Folketalsutvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Da Stordal kommune vart skild ut att som eigen kommune, vart han den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Men folketalet minka raskare i Tustna kommune enn i Stordal, og i 1998 tok Stordal att Tustna. Fra da og fram til 2006 veksla dei to kommunane pa a vera minst. Det aret vart Tustna kommune slatt saman med Aure kommune , og fra da var Stordal igjen minst i fylket. Per 2010 var Stordal den einaste kommunen i Møre og Romsdal etter dei store kommunesamanslaingane pa 1960-talet som hadde hatt færre enn 1000 innbyggjarar. Talet var lagare enn dette i 2003-04 og 2006-08. [1]

Folketalsutvikling for Stordal kommune fra 1892:

1.1.1892 [2] 1910 [3] 1.12.1920 [4] 1.12.1930 [5] 3.12.1946 [5] 1.1.1951 [1] 1.1.1961 [1] 1.1.1981 [1] 1.1.1991 [1] 1.1.2001 [1] 1.1.2010 [1]
850 908 923 936 1053 992 1042 1080 1025 1070 1030

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Folkemengd i Stordal 1. januar kvart ar fra 1951, fra Statistisk sentralbyra
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine . fra Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk arbok for kongeriket Norge 40de argang, 1920 (Det statistiske centralbyra, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk arbok for Norge 69. argang, 1950 (Statistisk sentralbyra, 1950)

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Stordal kommune
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .