Sosiologi

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Sosiologi er ein samfunnskunnskap, vitskapen om det sosiale . Fokuset til sosiologien er relasjonane mellom menneska som individ eller grupper (inkludert heile samfunnet). Oppgava til sosiologien er a beskrive dei sosiale relasjonanes struktur, funksjonar og utvikling. Det sosiologiske arbeidet er a undersøke samfunnet, i alle delar, og sa prøve a skapa eit mest mogleg heilskapleg bilde ut av det gjennom teori og metode. Sosiologiens teoriar skal au kunne beskrive sosiologien sjølv, sidan sosiologien i seg sjølv er eit resultat av sosial samhandling.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Sosiologi er eit relativt nytt fag samanlikna med andre samfunnsfag som økonomi , antropologi , statsvitskap og psykologi .

Uttrykket sosiologi blei skapa av Auguste Comte , som hapa a laga eit nytt fag for studie av heile menneskeslekta, inkludert historie, psykologi og økonomi. Det sosiologiske synet hans var typisk prega av opplysningstida , og han mente at heile menneskeslekta passerer dei same historiske trinna. Viss ein klarte a forsta dette, mente Comte at ein kunne førebygge og rette pa mange av dei negative sidene til samfunnet.

I staden for a erstatte de andre faga, enda sosiologien opp blant dem; med sin eigen distinktive metode for a forklare verda.

Sosiologar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjende internasjonale sosiologar er mellom anna Auguste Comte , Emile Durkheim , Gabriel Tarde , Ferdinand Tonnies , Georg Simmel , Karl Marx , Max Weber , Albion Woodbury Small , C. Wright Mills , Charles Horton Cooley , Ibn Khaldun , Pitirim Sorokin , Vilfredo Pareto , Robert E. Park , Louis Althusser , Karl Mannheim , Talcott Parsons , Robert K. Merton , Peter Blau , Reinhard Bendix , Norbert Elias , Ralf Dahrendorf , John Rex , David Lockwood , Erving Goffman , Harold Garfinkel , Anthony Giddens , Pierre Bourdieu , Peter Wagner David Harvey og Niklas Luhmann .

Kjende norske sosiologar er mellom anna Vilhelm Aubert , Ewald Bosse , Jon Elster , Gudmund Hernes , Sverre Lysgaard , Dag Østerberg , Per Otnes , Eilert Sundt , Hildur Ve og Kari Wærness .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Sosiologi