한국   대만   중국   일본 
Sosial struktur ? Wikipedia Hopp til innhald

Sosial struktur

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Sosial )

Sosial struktur eller sosialt system er eit sett av roller som star i eit gjensidig definert i forhold til kvarandre. Døme pa slike system kan vere eit fengsel , eit skip , familien eller ein stat . I alle samfunn slar menneske seg saman og dannar det me kallar sosiale system, som skal ta seg av dei nødvendige samfunnsmessige behova.

Sosiologar seier gjerne at eit sosialt system er ei formalisering av menneskeleg atferd . Eit eksempel pa dette er den vidaregaande skulen i Noreg , som har mange reglar som bade elevar og lærarar ma følgje. Alvorlege brot pa slike forskrifter kan føra til at elevar blir utviste eller at lærarar mistar arbeidet. I skulereglementet star det at du som elev har plikt til a samarbeida med lærarane. Blant elevane kan det derimot utvikla seg heilt andre oppfatningar av korleis dei skal oppføra seg, for eksempel at det ikkje er bra a kunne leksa alt for godt. Ved a lage slike uformelle reglar utviklar skuleungdom si eiga elevkultur.

Ofte slar folk seg saman i uformelle grupperingar innanfor eit sosialt system. Vi skil ofte mellom to ulike typar grupper avhengig av størrelse, varigheit og kontaktform. Sma grupper med lang varigheit og hyppig kontakt er primærgrupper, medan større grupper med kortare varigheit eller hyppig byte av medlemmar og med sjeldnare personleg kontakt er sekundærgrupper.

Omfanget av sosiale system, og leiinga av dei, varierer fra kultur til kultur. Arsakene til denne variasjonen finn me i naturgrunnlag, produksjonsmate, økonomisk system, erkjenningsformer og klasseforhold. I enkle jordbrukssamfunn er det naturleg nok ikkje behov for særleg mange sosiale system, jamvel om dei kan vere kompliserte nok. I moderne industrisamfunn ser me at det stadig oppstar nye sosiale system etter som tilboda av varer og tenester aukar.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Gyldendal sin soialkunnskapbok for videregaande opplæring
  • Store norske leksikon.