Son i Noreg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

59°31′24.755″N 10°41′9.2760″E  /  59.52354306°N 10.685910000°E  / 59.52354306; 10.685910000

Son i Noreg
Land   Noreg
Kart
Son
59°31′25″N 10°41′09″E  /  59.5235°N 10.6859°E  / 59.5235; 10.6859
Wikimedia Commons: Son, Norway

Son er ein tettbygd stad med hamn ved Oslofjorden sør i Vestby kommune i Akershus fylke , kjenneteikna av arkitektur fra den sakalla hollendar-tida, ein periode fra om lag ar 1500 til inn pa 1800-talet da nederlandsk skipsfart og handel med norsk tømmer hadde mykje a seie for utviklinga pa den norske aust- og sørlandskysten. Tømmer vart utskipa fra hamna i Son etter a ha vorte fløytt ned elva Sana , som pa nedre parten heiter Hølenselva.

Bygningar i tre langs tronge gater og vegar er karakteristisk for Son.

I si tid, fra 1604, var Son ladestad under Christiania med eigne tollrettar , og med formannskapslovene fra 1837 vart Son bykommune. Men etter 1720, da Moss vart kjøpstad og dessutan kunne eksportere større mengder trelast fra eit større omland, tok velstandsveksten i Son slutt. No er Son ein part av eit samanhengande tettbygd omrade ikring Moss, som ligg i grannefylket Østfold , og er dessutan ei populær hamn for fritidsbatar.

Son var tidlegare definert som tettstad , men fra 1. januar 2007 har Statistisk sentralbyra slege han saman med tettstaden Moss . [1]

Litteratur om Son [ endre | endre wikiteksten ]

  • Ivar Gudmundsen m.fl., Son Leksikon , Vestby Historielag, Oslo 2002, ISBN 82-991655-5-5
  • Øystein Kock Johansen, Vestby Bygdebok , band 1, Vestby kommune, Vestby 1997, ISBN 82-994452-1-3
  • Bjørn Linnestad, Vestby – sett med kunstnerøyne , [Vestby Historielag], Vestby 1994, ISBN 82-991655-4-7

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Nye og utgatte tettstader. 1.januar 2007≫ . Statistisk sentralbyra . Henta 21. april 2018 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Son i Noreg