Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sofia
(
fødd
Sophia Margaret Victoria Frederica av Hellas og Danmark
,
2. november
1938
) er dronning av Spania og gift med kong
Juan Carlos I av Spania
. Kongen abdiserte i 2014, men Sofia har framleis dronningtittelen.
Sofia høyrer til huset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glucksburg og vart fødd som prinsesse av Hellas og
Danmark
. Ho var det eldste av borna til kong Paul I av Hellas og dronninga hans Friederike, som opphavleg var prinsesse av Hannover. Sofia har to yngre sysken; broren kong
Konstantin II av Hellas
, og dessutan systera prinsesse Irene. Ho er oldebarn av keisar Vilhelm II av Tyskland pa bade fedrane og mødrene side.
Delar av barndomen var ho i
Egypt
og Sør-Afrika, etter at familien hennar matte flykte fra den greske borgarkrigen. I 1946 reiste ho tilbake til Hellas, før ho vart send pa den prestisjefulle tyske internatskolen Schule Schloss Salem. Deretter studerte ho musikk og arkeologi i Athen, og deltok ved dei sommar-OL i
1960
i
Roma
.
14. mai 1962 gifta prinsesse Sofia seg med den spanske prinsen Juan Carlos. Han vart i 1969 utropt som tronfølgjar av Spanias diktator, Francisco Franco, og da Franco døydde 22. november 1975, vart Juan Carlos og Sofia Spanias kongepar.
Dei har tre born:
Sofia vart i 1982 tildelt storkors av
St. Olavs Orden
. I 2001 mottok ho Ordenen til den kvite ørn fra Polens president. Ho er æresdoktor ved fleire universitet og medlem av Roma-klubben.
Ho snakkar spansk, gresk, tysk, fransk og engelsk.
| Denne artikkelen
treng
referansar
for verifikasjon
.
Du kan
forbetra artikkelen
ved a leggja inn referansar til palitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang a markera dei setningane/pastandane som treng kjeldebelegg ved a tilføya
{{
tr
}}
etter pastanden.
|