한국   대만   중국   일본 
Slaviske folk ? Wikipedia Hopp til innhald

Slaviske folk

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Slavarar )
??  Land der eit vestslavisk sprak er nasjonalspraket ??  Land der eit austslavisk sprak er nasjonalspraket ??  Land der eit sørslavisk sprak er nasjonalspraket

Slaviske folk er ei sams nemning for ei rekkje folkeslag i det austlege Europa , som har felles avstamming og likskapar i sprak og kultur . Saman med dei germanske , romanske og keltiske spraka utgjer dei slaviske spraka ei av hovudgruppene av indoeuropeiske sprak .

Opphavet til dei slaviske folka er ikkje heilt klart. Dei utvikla først eit eige skriftsprak pa 800-talet. Plinius den Eldre, Tacitus og Ptolemeus nemner i det første hundrearet e. Kr. eit folk som er busett aust for elva Wisła , og som er ulikt dei germanske vandalane som au budde i omradet. Namnet ≪slavarane≫ (Sklavenoi) opptrer første gong i bysantinske kjelder pa 500-talet. Under keisar Justinian 1. (527-565) dukkar slavarar opp hos bysantinske skribentar. Dei fortel om talrike slavarar fra Karpatane , nedre Donau og Svartehavs-omradet som har slatt seg ned i Austromarriket.

Dei slaviske spraka

Dei slaviske spraka er ei grein av dei indoeuropeiske spraka .

Pa 1800- og 1900-talet har det vore freista finne eit opphavsomrade for dei slaviske folka, som da skulle vere eitt folk i opphavet. Dette ut fra ein pan-slavisk tankegang. Men dette er framleis ikkje klart.

Pa grunn av slavarane sine vandringar og kor dei i nyare tid bur, deler ein dei normalt inn i tre undergrupper:

(Namnet pa den tidlegare staten Jugoslavia betyr for øvrig Sørslavarane sitt land ).

Kiev-riket omkring 1000 e.Kr

Austslavarane breidde seg fra 500-talet mot nord til det finsk-ugriske og baltiske omradet. Under innverknad av vikingane oppstod i det noverande Ukraina, Kviterussland og det vestlege Russland omkring slutten av 800-talet det første austslaviske riket, Kiev-riket . I seinmellomalderen delte austslavarane seg i kviterussarar, ukrainarar og russarar. Dei sistnemnde spreidde seg fra sist pa 1500-talet langs den noverande transsibirske jernbanen austetter heilt til Stillehavet.

Kjelde [ endre | endre wikiteksten ]

Den danske wikipediaen, art. Slaverne , som lesen 22. november 2008.