Slaget pa Stiklestad

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Slaget ved Stiklestad
Del av Ladejarlane og Harfagreætta

Slaget illustert av Halfdan Egedius (1877-1899)
Dato Sommaren 1030
Stad Stiklestad i Verdal
Resultat Bondehæren vann
Partar
Bondehæren sett saman av bønder, høvdingar og adelsfolk Medlemmer av den gamle kongshirda , lokale folk
Styrkar
Ukjent Ukjent, men truleg langt mindre enn bondehæren
Tap
Ukjent Ukjent


Slaget pa Stiklestad ved Stiklestad i noverande Verdal kommune den 29. juli 1030 er eit av dei mest vidgjetne slaga i Noregssoga, skildra av Snorre Sturluson i soga om kong Olav Haraldsson i Heimskringla , samlinga av soger om dei norske kongane. I dette slaget, i det som da var det heidne Trøndelag, mista kong Olav livet. Han vart to ar seinare erklært som helgen ( Olav den heilage / Sankt Olav ), og slaget star for ettertida som symbol pa innføringa av kristendomen i Noreg.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

I 1028 matte Olav Haraldsson , 13 ar etter at han var krona, ga i eksil etter at Knut den mektige og Ladejarlen hadde gjort samband. Han flykta til Gardarike ( Russland ), og heldt seg der i eitt ars tid.

Da Hakon Jarl drukna i 1029 sag Olav eit nytt høve til a koma til makta i Noreg . Han vende tilbake gjennom Sverige med ein hær, og kom fram til Verdal , nord for Nidaros . Den 29. juli 1030 gjekk han fra garden ned mot sjøen, og møtte der ein hær ført av Harek fra Tjøtta , Tore Hund og Kalv Arneson . 200 ar seinare skreiv Snorre Sturlason at denne hæren hadde meir enn 7 000 mann, om lag dobbelt sa mange som det Olav hadde. Dette er uvisst, bade dei absolutte tala og forholdstalet. Det er likevel truleg rett at Olav hadde færre soldatar med seg enn motstandarane.

Pa denne tida hadde Olav ingen framtredande støttespelarar i Noreg. Han hadde gjort seg til uven med stormennene gjennom den harde framferda si, og med bøndene gjennom tvangskristninga. Kongshæren var for det meste samansett av utanlandske soldatar og tilfeldige eventyrarar som hadde slutta seg til han pa vegen gjennom Sverige. Den sakalla bondehæren var ein brei allianse der dei fleste norske hovdingar var med, saman med frie bønder, bade kristne og heidningar.

Slaget [ endre | endre wikiteksten ]

Olav den heilage døyr. Maleri av Peter Nicolai Arbo .

Om morgonen, før slaget byrja, sov Olav ei stund. Han skal ha fortalt etterpa at han hadde drøymt at han klatra opp ein stige som tok han inn i himmelen . Dette blei ein viktig del av Olavslegenda, ettersom det vart sett som eit teikn pa at Olav hadde fatt vita at han skulle lida martyrdøden .

Bondehæren viste seg a vera den sterkaste, og kong Olav blei omringa av fiendane sine. Snorre fortel at han blei drepen av tre sar: Torstein Knarresmed (≪Torstein skipsbyggjar≫) hogg han i laret med øks , Tore Hund stakk eit spjut i magen hans og Kalv Arnesson hogg han i halsen med sverd . Soga fortel at han fekk hogget i laret først, og da kasta fra seg sverdet. Banesaret var truleg hogget i halsen, og han døydde kort tid etterpa. Liket vart teke vare pa og gøymd unna av to kristne, far og son, som kong Olav hadde gjort avtale med om dette pa førehand.

Etterspel [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at Olav fall, snudde stemninga i bondehæren, først hja hovdingane og sidan hja bøndene. Olav blei gravlagd like ved slagstaden, og det tok til a ga gjetord om at han var ein helgen . Etter eit ar vart liket hans greve opp, og ein fann at det var like friskt som da han døydde. Dette blei sett pa som eit tydeleg teikn pa heilagdomen hans, og liket, som fra da av blei sett pa som ein viktig relikvie , blei flytta til Nidaros . Der blei det teke vare pa i Olavsskrinet , som var den kostelegaste og mest framstaande heilagdomen i norsk mellomalder . Skrinet og relikviane gjekk tapt med reformasjonen .

Slagstaden [ endre | endre wikiteksten ]

Det er ikkje gjort funn pa Stiklestad av gjenstandar eller av spor i terrenget som kan stadfeste soga om slaget. Men dette er i og for seg ikkje uvanleg i norsk slagfeltarkeologi . Det steinete norske jordsmonnet gjer det dessutan praktisk talt umogleg a avdekke eventuelle spor i terrenget etter slike hendingar ved hjelp av georadar og liknande, moderne teknologi.

29. juli 1954 gav eigaren av garden Sul skodespelarar løyve til a oppføra eit historisk spel pa eigedomen, basert pa soga om slaget. Spelet om Heilag Olav blei eit arvisst fenomen, og er det største utandørsdramaet i Skandinavia , sett av over 600 000.

Den katolske kyrkja kjøpte i 1875 ei tomt rett ved slagstaden for a byggja eit kapell der. Dette stod ferdig akkurat i tide til feiringa av 900-arsdagen for slaget, 29. juli 1930. Kapellet, som naturleg nok heiter St. Olavs kapell, er fortsatt i bruk, og i jubelaret 2000 gav pave Johannes Paul II avlat til dei som deltok i liturgiske feiringar der i samband med olsokfeiringa .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]