한국   대만   중국   일본 
Samuel Morland ? Wikipedia Hopp til innhald

Samuel Morland

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Samuel Morland

Fødd 1625
Berkshire
Død 30. desember 1695
Hammersmith
Nasjonalitet Kongeriket England
Omrade matematikk , diplomati
Yrke matematikar , sivilingeniør , oppfinnar , diplomat , ingeniør , spion
Alma mater Magdalene College

Samuel Morland , eller Moreland ( 1625 ? 30. desember 1695 ) var ein engelsk akademikar , diplomat , spion , oppfinnar og matematikar . Han utvikla nye metodar innan reknemaskinar , hydraulikk og dampenergi .

Utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Samuel var son av Thomas Morland, som var rektor ved kyrkja i Sulhamstead Bannister . Han vart utdanna ved Winchester School og Magdalene College i Cambridge , der han i 1649 var utnemnd til ≪fellow≫. Han nytta mykje av tida til a studera matematikk, var god i latin og kunne gresk , fransk og hebraisk , som pa denne tida var diplomatspraka. Han underviste ved Cambridge , der han møtte Samuel Pepys som han samarbeidde med resten av livet.

Diplomat [ endre | endre wikiteksten ]

Samuel Morland var svært interessert i politikk og da han var ferdig med utdanninga si tok han til a arbeida innan offentleg administrasjon. I 1653 gjorde han ei reise til Sverige og i 1655 sende Oliver Cromwell han pa eit oppdrag til Italia for a protestera mot at hertugen av Savoie forfølgde waldensianarane . Han fungerte som ambassadør i Geneve ei tid og medan han var der skreiv han ei bok [1] .

Spion [ endre | endre wikiteksten ]

Han arbeidde ei tid som assistent for John Thurloe , som var sjef ei avdeling som spionerte til fordel for Det engelske samveldet . Men etter a ha høyrt at Richard Willis, Thurloe og Richard Cromwell planla a drepa den framtidige kongen Karl II , vart han desillusjonert over regjeringa, vart dobbelagent og tok til a spionera til fordel for den engelske restaurasjonen . Samstundes utvikla han kryptografiske metodar. Denne aktiviteten hjelpte han seinare til a verta tilsett ved hoffet.

Oppfinnar [ endre | endre wikiteksten ]

Den 18 juli 1660 vart han utnemnd til baronet og fekk ei mindre viktig stilling i rettssystemet, men hovudinntekta hans kom fra at han nytta kunnskapane sine innan matematikk og hydraulikk til a konstruera ulike maskinar:

Fra 1677 budde Morland i Vauxhall i London og fra 1684 i Hammersmith . Pa sine gamle dagar vart synet darleg og rundt 1692 vart han blind. Han døydde den 30. desember 1695 og vart gravlagt den 6. januar 1696 ved Hammersmith kyrkje.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Morland, S., The History of the Evangelical Churches of the Valleys of Piemont , 1658.