Salmonsens konversationsleksikon

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Salmonsens konversationsleksikon er eit dansk leksikon . Den første utgava vart utgjeve av Isac Salmonsen som Salmonsens Store Illustrerede Konversationsleksikon i 19 band 1893?1911, pa Brødrene Salmonsens forlag, som i 1911 vart teke over av J. H. Schultz Forlag . Tittelen Salmonsens konversationsleksikon vart teke i bruk pa andre utgave i 26 band 1915?1930, som er Danmarks største leksikon nokosinne. Den tredje utgava hadde tittelen Den lille Salmonsen og vart utgjeve i 12 band 1937?1940. Ei fjerde og siste utgave i eitt band, Den nye Salmonsen kom i 1949. I mellomtida hadde ein i 1941 byrja a gje ut Salmonsens Leksikon-Tidsskrift (SLT) med eit hefte kvar manad, som kom i 15 argangar fram til 1955.

Etter første verdskrigen endra landegrensene seg sa dramatisk at da Salmonsen i 1918 gav ut det bandet som inneheldt artikkelen ≪ Europa ≫, var det berre sett av plass til eit kart som kjøparane sidan kunne lime inn sjølve, nar det var vedteke kvar dei nye grensene kom til a ligge. [1]

Verkets første utgave inneheld etter maten mykje stoff om Noreg og norske tilhøve. Verket kom ut pa eit tidspunkt da den norske bokmarknaden framleis vart rekna som heimemarknad for danske forlag, og danske forlag framleis var føretrekt av mange norske forfattarar. Av di det dertil mangla eit norskprodusert leksikon, valde forlagets redaksjon a utvikle leksikonet slik at det og vart eit naturleg leksikon for norske kundar.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

.

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Henning Poulsen: Hitlers krig (s. 11), Gyldendal, 1990, ISBN 87-00-32462-0 .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]