한국   대만   중국   일본 
Roar Berthelsen ? Wikipedia Hopp til innhald

Roar Berthelsen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Roar Berthelsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1934
Mandal kommune
Død

1. august 1990 (55 ar)

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960

Roar Berthelsen ( 3. november   1934 1. august   1990 ) var ein lengdehoppar fra Mandal i Vest-Agder . Han vann gullmedaljen i lengdehopp under Friidretts-NM ara 1954, 1956, 1957 og 1959. Berthelsen var norsk rekordhaldar i øvinga fra 1959 til 1968. Han var medlem i Mandal og Halse IL til 1954, sidan representerte han IK Tjalve .

Berthelsen var landets beste lengdehoppar i 1954. Midt i august vart han noregsmeister pa svake 6,99 m, to veker seinare deltok han EM i friidrett 1954 og vart nummer 11 med 7,16 meter. I september manad forbetra han sin personbeste med to cm til 7,29 m i Oslo, før han den 14.9.1954 la pa til 7,32 meter da han i Aten vann øvinga under ein landskamp mot Hellas . Sommaren 1956 flytta han den personlege rekorden to gongar, sist til 7,46 m i Stockholm . Den 25. august 1959 fekk Berthelsen fullklaff ved eit stemne pa Bislett stadion i Oslo. Med eit hopp pa 7,62 meter sletta han den 20 ar gamle noregsrekorden pa 7,54 m. Han fekk vere med til Sommar-OL 1960 i Roma , der han med 7,09 m i kvalifiseringa enda pa ein 29. plass.

Medaljar i noregsmeisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Roar Berthelsen var gift med Berit Berthelsen .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]