한국   대만   중국   일본 
Riksrevisjonen ? Wikipedia Hopp til innhald

Riksrevisjonen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Riksrevisjonen
Org.form Etat
Org.nr. 974760843
Skipa 1918
Morselskap Stortinget
Hovudkontor Oslo
Land Noreg
Tenester Revisjon
Styreleiar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Tilsette 450
Nettstad http://www.riksrevisjonen.no
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen har sidan 1. januar 2022 vore riksrevisor i Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Riksrevisjonen har som si overordna oppgave a føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta pa ein økonomisk forsvarleg mate og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga og har omtrent 450 tilsette. [1] Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar. Noverande riksrevisor er tidlegare arbeidarparti - politikar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen . [2]

Riksrevisjonen gjennomfører:

  • Rekneskapskontroll , kontrollerer korleis forvaltninga har brukt staten sine pengar.
  • Selskapskontroll , kontroll av forvaltinga av statens interesser i statsaksjeselskap og statsforetak.
  • Styringskontroll , kontroll av effektiviteten til forvaltninga.
  • Ansvarskontroll , kontroll av feil og manglar ved leiinga, kontroll av statsraden si eigarstyring i dei statleg eigde selskapa, der malet i forvaltinga er fokuset pa tenesteproduksjon. Statsraden kan stillast politisk ansvarleg for feil og manglar i hans ansvarsomrade. [3]
  • Radgjeving , rettleie forvaltinga med rekneskap og økonomi.

Soge [ endre | endre wikiteksten ]

Riksrevisjonen blei samla under ein organisatorisk eining under Stortinget si leiing i 1918. Fra 1822 til 1918 hadde eit eige Revisjonsdepartement ansvaret for den konsitusjonelle kontrollen.

Riksrevisjonen er forankra i Grunnloven § 75 k., [4] der det star at Stortinget utnemner fem revisorar, Riksrevisorkollegiet, som kvart ar skal ga gjennom staten sine rekneskap. Her er vidare ei lov om statens revisionsvæsen, og ein instruks for ≪Statsrevisionen≫ fra 1918, med seinare tileggsinstruksar.

Før spelte rekneskapsrevisjonen ei stor rolle, men i nyare tid har forvaltingsrevisjonen og kome i fokus, som kontrollerer at forvaltninga si effektivitet, resultat, og er i trad med staten sine interesser.

Riksrevisoren er leiaren for Riksrevisorkollegiet, som er Riksrevisjonen sitt øvste organ. Medlemmane i kollegiet blir samla til jamlege møte, og dei siste ara har det vore ca. 10 møte i aret. Avgjerdene blir i all hovudsak fatta gjennom konsensus . Riksrevisjonen er partipolitisk samansett og opptrer som ein politisk kvalitetssikrar i forvaltingsrevisjonssaker. Norma om konsensus bidrar til partipolitisk nøytralitet.

Tidlegare riksrevisorar [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Organisasjonen | Riksrevisjonen≫ , www.riksrevisjonen.no (pa norsk) , henta 15. september 2022  
  2. ≪Sak≫ , Stortinget (pa norsk), 13. februar 2008 , henta 15. september 2022  
  3. Johnsen, Age (24. august 2021). ≪forvaltningsrevisjon≫ . Store norske leksikon (pa norsk bokmal).  
  4. ≪Kongeriket Norges Grunnlov - C. Om borgerrett og den lovgivende makt - Lovdata≫ , lovdata.no , henta 15. september 2022