Raud

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Raud
 

Spektrale koordinatar
Bølgjelengd ca. 625?740 [1] nm
Frekvens ~480?400 THz
HTML-farge #FF0000
sRGB B   ( r g b ) (255, 0, 0)
B : Normalisert til [0?255] (byte)

Raud er fargen ved enden av det synlege lysspekteret , ved sidan av oransje . Fargen har ei dominerande bølgjelengd pa rundt 625?740 nanometer . [1] Raudt er ein primærfarge i fargemodellane RGB og CMYK . Han er komplementærfarge til cyan .

Raudfargen til himmelen ved solrenning og soleglad er ei følgje av rayleighspreiing av sollyset. Raudfargen i jord og berg som Grand Canyon kjem av hematitt eller raud oker , begge former av jernoksid . Jernoksid er ogsa det som gjev planeten Mars raudfarge. Raudfargen til blod kjem fra proteinet hemoglobin , medan plantar som mogne jordbær , raude eple og raudt haustlauv er farga av antocyanin . [2]

Fysikk [ endre | endre wikiteksten ]

Raudt lys har den lagaste frekvensen som menneske auget kan sja. Bølgjelengda er rundt 630-760 nm . Ein lagare frekvens gjev infraraudt lys , som ikkje er synleg for oss. Raudfargen er pa grunn av dette den ytste fargen i regnbogen .

Mange fiskar og skaldyr ser raude ut nar dei kjem opp fra havet . Men sjøvatn absorberer ofte raudfargen, slik at dei eigentleg er svarte og dermed kamuflerte nede pa djupet.

Oksidert jern gjev og ein raud farge, som me mellom anna kan sja i jernrik jord og i blod som inneheld hemoglobin .

Funksjon [ endre | endre wikiteksten ]

Som varselsfarge kan han tyda stopp, som i trafikklys og som raudt kort pa fotballbanen , eller berre vera atvarande, som pa brannbilar eller raud fluesopp .

Symbolikk [ endre | endre wikiteksten ]

Lukke [ endre | endre wikiteksten ]

Ein raud hane varslar om det nye kinesiske hanearet.

Det knyter seg sterk symbolikk til fargen, bade gammal og ny. I India og Kina blir han sett pa som svært lykkebringande . Det er vanleg for ei brur i begge landa a bera raudt nar ho giftar seg , og feiringa av det kinesiske nyttaret inneber sa mykje bruk av raudt ein kan.

Blod [ endre | endre wikiteksten ]

Raudt er fargen til blod , og han blir derfor rekna som livsens farge, men og til ulukker, som i symbola til Raudekrossen . Sambandet mellom krigs guden Mars og den raude planeten Mars har gjort raud til ein farge for krig og vald . Romarane brukte eit raudt flagg som krigsflagg.

Kyrkje [ endre | endre wikiteksten ]

I kristen tradisjon har fargen vore eit symbol pa kjærleik , lidenskap og seksualitet , slik at mellom anna Maria Magdalena framstilla som ei synderinne ofte ber raudt. Men som liturgisk farge er raudt symbol for kyrkja og den heilage anden , og blir brukt ved særskilde høgtider og feiringar av martyrar .

Revolusjon [ endre | endre wikiteksten ]

I moderne tid er raudt blitt fargen til venstresida , og er blitt brukt av fleire grupper, fra arbeidarrørsla til revolusjonære geriljagrupper . Den raude stjerna og det raude flagget er døme pa dette.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Georgia State University Department of Physics and Astronomy. ≪Spectral Colors≫ . HyperPhysics site . Henta October 20, 2017 .  
  2. Archetti, Marco; Doring, Thomas F.; Hagen, Snorre B.; Hughes, Nicole M.; Leather, Simon R.; Lee, David W.; Lev-Yadun, Simcha; Manetas, Yiannis; Ougham, Helen J.; Schaberg, Paul G.; Thomas, Howard (2011). ≪Unravelling the evolution of autumn colours: an interdisciplinary approach≫. Trends in Ecology & Evolution 24 (3): 166?73. PMID   19178979 . doi : 10.1016/j.tree.2008.10.006 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raud