Rodos

Koordinatar : 36°10′N 28°00′E  /  36.167°N 28.000°E  / 36.167; 28.000
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Rodos
Lokalt namn Ρ?δο?
Hjortestatuar i hamna i Mandraki, der Kolossen på Ródos ein gong stod
Hjortestatuar i hamna i Mandraki, der Kolossen pa Rodos ein gong stod
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°10′N 28°00′E  /  36.167°N 28.000°E  / 36.167; 28.000
Øygruppe Dodekanesane

Areal 1 407,9 km²

Høgaste punkt Attavyros  (1 215 moh. )

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Rodos
Største busetnad Rodos by  (54 562 innb.)

Demografi
Folketal 125 113 (2021 [1] )
Folketettleik 88,9 /km²

Rodos ( gresk Ρ?δο?; italiensk Rodi ; ladino : Rodi eller Rodes ; osmansk ????, Rodos ) eller Rhodos er ei øy i Hellas og den største av Dodekanesane i Egearhavet bade nar det gjeld areal og folketal.

Rodos var hovudstad i den tidlegare prefekturet Dodekanesane . Fra 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Rodos i periferien Dei sørlege egeiske øyane . [2] Rodos by er hovudstad i periferieininga og har ogsa visse hovudstadfunksjonar i periferien, der Ermoupoli formelt er hovudstad.

Ho ligg om lag 18 km vest for kysten av Tyrkia mellom det greske fastlandet og øya Kypros . I 2011 hadde øya like over 125 000 innbyggjarar, der om lag 60 000 budde i byomradet til Rodos by , hovudbyen pa øya. [3]

Historisk er Rodos verdskjend for Kolossen pa Rodos , eit av dei sju underverka . Gamlebyen i Rodos by fra mellomalderen har vorte ein verdsarvstad . I dag er Rodos ein stor turistdestinasjon.

Administrativ inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Øya var tidlegare delt inn i ti kommunar, som kvar for seg inneheld mange landsbyar. Kommunane var

Fra 2011 er heile øya ein kommune, og dei ti tidlegare kommunane er no kommunaleiningar . [2]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Rodos er forma som ein spydspiss og er 79,7 km lang og 38 km brei med eit totalt areal pa 1 398 km² og ei kystlinje pa om lag 220 km. Rodos by ligg heilt nord pa øya, inkludert den antikke og den moderne hamna. Hovudflyplassen, Diagoras internasjonale flyplass , ligg 14 km sørvest for byen i Paradisi.

Nar det gjeld dyre- og planteliv har Rodos meir til felles med Litleasia enn resten av Hellas. Det indre av øya er fjellkledd, har lite dyreliv og er kledd med furu ( Pinus brutia ) og sypress ( Cupressus sempervirens ). Av dyreliv finn ein mellom anna ein hjorteart som berre finst pa øya. I Petaloudesdalen finn ein store mengder med bjørnesommarfugl om sommaren. Fjellet Attavyros pa 1 215 moh er det høgaste pa Rodos. Sjølv om kysten er kledd med klipper finn ein striper med dyrkbar mark innimellom der det veks sitrusfrukter , vin druer , grønsaker, oliven og andre avlingar.

Utanom Rodos by finn ein mange sma landsbyar og feriestader pa øya, som Faliraki , Lindos , Kremasti , Kharaki , Pefki , Arkhangelos , Afandou , Koskinou , Embona (Attavyros), Paradisi og Ialysos (Trianda). Turisme er hovudnæringa pa øya.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Antikken [ endre | endre wikiteksten ]

Treutskjering fra 1493 av Hartmann Schedel som viser Rodos by

Øya har vore busett sidan steinalderen , sjølv om lite er att fra denne kulturen. Pa 1500-talet fvt. busette folk fra den minoiske sivilisasjonen seg her. Seinare kunne ein i gresk mytologi finn eit rodisk folk kalla telkhinarar og ein assosierte Rodos med Danaos . Øya vart av den grunn stundom kalla Telkhinis . Same hundrearet invaderte akhaiarar øya. Det var derimot først pa 1000-talet fvt., da ho kom inn under dorianarane , at øya byrja a bløme. Det var dorianarane som seinare bygde dei tre viktige byane Lindos , Ialysos og Kamiros , som i lag med Kos , Knidos og Halikarnassos (pa fastlandet) utgjorde den sakalla doriske hexapolisen .

I Pindar sin ode vart det sagt at øya vart danna ved ekteskapet mellom solguden Helios og nymfa Rhode , og at byane vart kalla opp etter deira tre søner. Rhoda er ein rosa hibiskus som kjem fra øya.

Akropolis pa Lindos

Persarane erobra etter kvart øya, men etter at dei tapte for styrkar fra Athen i 478 fvt. vart byane med i Det athenske sjøforbundet . Da peloponnesarkrigen braut ut i 431 fvt. vart Rodos verande nøytral, sjølv om ho framleis var medlem av sjøforbundet. Krigen varte til 404 fvt., men pa denne tida hadde Rodos vald a ga sine eigne vegar og hadde heilt trekt seg ut av konflikten.

I 408 fvt. slo byane seg saman til ein region og bygde ein ny hovudstad pa nordsida av øya, Rodos by. Den regelmessige byplanen vart danna av den athenske arkitekten Hippodamos . Peloponnesarkrigen hadde derimot svekka den greske kulturen, slik at han lag open for invasjon. I 357 fvt. vart øya erobra av kong Mausolos av Karia , og fall sa under persarane i 340 fvt. Aleksander den store av Makedonia erobra derimot øya tilbake i 332 fvt., til stor glede for øybuarane.

Etter Aleksander sin død tevla generalane hans om kontroll over riket. Tre av dei, Ptolemaios , Selevkos og Antigonos , klarte a dele riket mellom seg. Rodos danna sterke kommersielle og kulturelle band med Ptolemaios i Alexandria , og i lag danna dei den rodisk-egyptiske alliansen, som kontrollerte handel i Egearhavet pa 200-talet fvt. Byen utvikla seg til eit maritimt, kommersielt og kulturelt senter og myntane fra Rodos var i omlaup nesten alle stader rundt Middelhavet. Dei kjende skulane for filosofi , vitskap , litteratur og retorikk delte sine meistrar med Alexandria, som den athenske retorikaren Aeskhines , som oppretta ein skule pa Rodos, Apollonios av Rodos , astronomane Hipparkhos og Geminos, og retorikaren Dionysios Trax . Skulptørane fra Rodos utvikla ein rik og dramatisk stil som stundom vert kalla ≪hellenistisk barokk≫.

I 305 fvt. fekk Antigonos son sin, Demetrios , til a omleire Rodos i eit forsøk pa a bryte alliansen med Egypt. Demetrios konstruerte store omleiringsmaskinar , inkludert ein 60 meter lang rambukk og eit omleiringstarn kalla Helepolis , som vog 160 tonn. Trass i alt dette gav han seg aret etter og signerte ein fredsavtale, og la igjen store mengder militært utstyr. Innbyggjarane pa Rodos selde utstyret og for pengane dei fekk reiste dei ein statue av solguden deira, Helios , som i dag er kjend som Kolossen pa Rodos .

I 164 fvt. signerte Rodos ein avtale med Roma og vart eit stort utdanningssenter for romerske adelsfamiliar. Dei vart særleg kjend for lærarane sine innan retorikk, som Hermagoras og forfattaren av Rhetorica ad Herennium . Først var staten ein viktig alliert av Roma og fekk mange privilegium, men mista seinare desse pa grunn av intriger i romersk politikk. Cassius invaderte til slutt øya og plyndra byen.

I 1. hundrearet evt. var keisar Tiberius ei kort tid i eksil pa Rodos, og Paulus førte kristendomen til øya. Rodos nadde toppen pa 200-talet og vart da rekna som ein av dei mest siviliserte og vakraste byane i Hellas. I 395 byrja den lange perioden med Austromarriket for Rhodos, da Romarriket vart delt og den austlege halvdelen gradvis vart eit gresk rike. Sjølv om ho var ein del av Austromarriket dei neste tusen ara gjekk forskjellige styrkar stadig til atak pa Rodos. Ho vart først okkupert av muslimske styrkar under Muawiyah I i 672. Mykje seinare vart Rodos gjenvunne for den austromerske keisaren Alexios I Komnenos under det første krosstoget .

Mellomalderen [ endre | endre wikiteksten ]

Palasset til stormeisteren i Rodos by

I 1309 enda den austromerske perioden da øya vart underlagt styrkar av Johanittarordenen . Under deira styre, kalla ≪Riddarane av Rhodos≫, vart byen ombygd som ein europeisk mellomalderby. Mange av dei kjende monumenta i byen, som palasset til stormeisteren , vart bygd pa denne tida.

Dei kraftige murane som riddarane bygde stod imot atak fra sultanen av Egypt i 1444, og fra Mehmed II i 1480. Til slutt fall derimot Rodos under atak fra den store hæren til Suleiman den store i desember 1522. Dei fa gjenverande riddarane fekk lov a trekke seg tilbake til Kongedømet Sicilia , og flytta seinare basen sin til Malta . Øya vart deretter ein del av Det osmanske riket i nesten fire hundrear.

Moderne historie og religion [ endre | endre wikiteksten ]

I 1912 tok italienarane Rodos fra tyrkarane, og i 1948, i lag med dei andre øyane i Dodekanesane, vart ho igjen ein del av Hellas. Ho omgjekk mange av hendingane der Hellas og Tyrkia ≪byta minoritetar≫, og har derfor i dag ein liten tyrkisk minoritet, i motsetnad til dei fleste andre egeiske øyane. Det finst og ein katolsk minoritet pa øya. Mange av desse er italienarar som vart verande igjen etter den italienske okkupasjon tok slutt.

Økonomi [ endre | endre wikiteksten ]

Hovudnæringa pa Rodos er turismeorientert, men andre sektorar medverkar og til økonomien. Hovudsakleg gjeld dette ravarer, inkludert jordbruksvarer, feoppal, fiske og vinlaging.

Byar og tettstader [ endre | endre wikiteksten ]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011 [3] Folketal 2021 [1]
Rodos by Rodos by 49 541 54 562
Ialysos Ialysos 11 331 12 717
Afandou Afandou 6 072 6 936
Kremasti Petaloudes 5 363 5 568
Arkhangelos Arkhangelos 5 384 5 371
Koskinou Kallithea 3 175 4 096
Pastida Petaloudes 3 641 3 643
Kalythies Kallithea 2 836 3 219
Paradisi Petaloudes 2 632 2 595
Lardos Lindos 1 380 1 888
Maritsa Petaloudes 1 808 1 841
Sgourou Rodos by 914 1 703
Faliraki Kallithea 1 996 1 520
Soroni Kamiros 1 278 1 265
Jennadi Sør-Rodos 671 1 224
Masari Arkhangelos 1 004 1 031
Embonas Attavyros 1 061 999
Malona Arkhangelos 982 930
Fanes Kamiros 858 859
Lindos Lindos 819 791
Psinthos Kallithea 853 729
Apollona Kamiros 845 680
Arkhipoli Afandou 582 649
Pylona Lindos 627 614
Theologos Petaloudes 620 606
Damatria Petaloudes 633 557
Kalathos Lindos 502 533
Kalavarda Kamiros 502 514
Salakos Kamiros 571 506

Andre busetnader pa øya er:

  • Tsairi (494)
  • Asklipio (484)
  • Apolakkia (409)
  • Arnitha (409)
  • Laerma (365)
  • Kolymbia (355)
  • Kritinia (347)
  • Vati (333)
  • Pevkes (305)
  • Kattavia (300)
  • Kiotari (281)
  • Vrysia (281)
  • Ajos Isidoros (277)
  • Stegna (275)
  • Eleousa (238)
  • Dimylia (234)
  • Epano Kalamonas (203)




Smaøyar i kommunen:

  • Makry (0)
  • Khina (0)

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Reiseguide for Rhodes fra Wikivoyage