Professor

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ein professor er ein ekspert i sitt fagfelt.

Professor (av latin profiteri , ≪offentleg framføre≫, ein som hevdar offentleg a vere ekspert ) er den høgste tittelen for ein person som forskar og underviser ved eit universitet eller ved andre høgskular og vitskapelege institusjonar.

Professorar i Noreg [ endre | endre wikiteksten ]

I Noreg kan tittelen ≪professor≫ berre nyttast for stillingar pa høgste vitskapeleg eller kunstneriske niva ved universitet og høgskular som er akkreditert som institusjon eller for einskildstudium etter Lov om universiteter og høyskoler . Dette framgar av § 6-7 i denne lova, der det og er fastsett at departementet kan gje tilsvarande vern til andre titlar pa undervisings- og forskerstillingar. [1] For a bli professor krevst det som oftast doktorgrad og omfattande vitskapeleg publisering. Det er no svært sjeldan at ein person utan doktorgrad blir tilsett som professor.

Fram til 1985 var det som hovudregel berre ein professor ved kvart institutt ved universiteta, og vedkommande hadde difor ein meir framstaande posisjon. Andre vitskapsmenn med tilsvarande kompetanse vart utnemnde til dosentar . Ved ei reform i 1985 vart alle dosentstillingar ved dei norske universiteta og vitskapelege høgskulane omgjort til professorat. Tittelen dosent vart i ein periode berre nytta ved dei statlege høgskulane, som i høgskuledosent . Fra 2006 er tittelen tatt opp att som ein tittel tilsvarande professor, men med inngangsløp fra førstelektor og ei noko breiare kvalifiseringsplattform enn professor.

I det norske akademiske hierarkiet rangerer professorar over førsteamanuensar .

Professor II [ endre | endre wikiteksten ]

Stillinga som professor II er ei vitskapeleg bi-stilling (andrestilling), og rekna til a utgjere 20 % stilling. Slike stillingar vert ofte brukt nar universitet og høgskular vil knyte til seg spesialkompetanse fra personar som har hovudsysselsetjinga si pa anna hald. Ein professor i andrestilling kan ha hovudsysselsetjing som professor, forskar e.l. ved eit anna universitet eller institutt, som museumskonservator , praktisere som advokat , utøvande kunstnar m.v. Ordninga er framfor alt brukt innan medisin. Dei fleste medisinprofessorar er professor II, og praktiserande legar som har hovudsysselsetjinga si som overlege e.l. ved universitetssjukehus.

Professor emeritus [ endre | endre wikiteksten ]

Professor emeritus er eit omgrep nytta pa ein pensjonert professor. Det latinske leddet emeritus , som tyder uttent , vert ogsa brukt i andre samanstillingar, mest vanleg som biskop emeritus . I nokre land, som for eksempel i Sverige , er emeritus ein tittel som vert tildelt etter forteneste. I Noreg er bruken av emeritus -tittelen fri.

I latin er forma emeritus ei hankjønn eintalsform. Ein pensjonert kvinneleg professor har etter korrekt latinsk grammatikk tittelen professor emerita . Fleire personar (uavhengig av kjønn) med denne tittelen kan kallast professores emeriti . Det er vanleg a forkorte emeritus/emerita som em. , altsa professor em.

Fotnoter [ endre | endre wikiteksten ]