한국   대만   중국   일본 
Pietro Longhi ? Wikipedia Hopp til innhald

Pietro Longhi

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Pietro Longhi

Sjølvportrett, ca. 1759
Pseudonym Pietro Longhi
Statsborgarskap Republikken Venezia
Fødd 5. november 1701
Venezia
Død

8. mai 1785 (83 ar)
Venezia

Yrke kunstmalar , teiknar , biletkunstnar
Born Alessandro Longhi
Pietro Longhi pa Commons

Pietro Longhi , opphavleg Pietro Falca , ( 5. november   1702 8. mai   1785 ) var ein malar fra Venezia som var aktiv under den venetianske rokokkoen . Han mala freskar , altarbilete, portrett samt sjangerscener fra det samtidige Venezia.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Nasehornet Clara under karnevalet i Venezia , 1751

Longhi gjekk fyrst i lære hos Antonio Balestra, ein malar fra Verona som hadde arbeidd i lag med Carlo Maratta i Roma . Longhis tidlege maleri, som altarbiletet i San Pellegrino-kyrkja ved Verona, var paverka av den seinbarokke stilen som læremeistrane hans nytta. Sameleis er det med hans fyrste større oppdrag for ein kar som høyrde til den venetianske adelen; freskoen i Palazzo Sagredo over temaet kjempers fall. Dei mektigaste familiane i Venezia var seinare hans viktigaste oppdragsgjevarar. Longhi tok sitt nye etternamn da han i 1733 vart medlem av malarlauget i Venezia.

Seinare fekk han bolognesaren Giuseppe Maria Crespi til læremeister, noko som hadde varande verknad pa Longhi. Crespi hadde frigjort seg fra den akademiske tradisjonen, Longhi gjekk da sjølv i gang med nye maleteknikkar og tema. Religiøse tema forma han som sjangermaleri, til dømes Dei sju sakramenta . Sjangerbileta, med sine nøyaktige, av og til humoristiske eller lett ironiske skildringar av det venetianske selskapslivet, er ikkje berre fyrsterangs kjelder til den lokale kulturhistoria, men framhevar seg ogsa med særleg delikate fargar. Longhi sine sma maleri var populære i samtida.

I tillegg mala Longhi talrike gruppe- og einskildportrett pa oppdrag av og for den venetianske adelen. Fra 1756 til 1780 underviste han ved 'Accademia di pittura e scultura' i Venezia, han var leiar for skulen fra 1763.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]