한국   대만   중국   일본 
Petter Solberg ? Wikipedia Hopp til innhald

Petter Solberg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Petter Solberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1974 (49 ar)
Askim kommune
Idrett rally
Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje , Sportsjournalistenes statuett , Østfoldprisen , Folkets idrettspris

Petter Solberg

Petter Solberg ( fødd  18. november   1974 ) er ein profesjonell rallyførar , fra Spydeberg i Østfold , fødd i Askim . Han køyrer for Subaru World Rally Team (SWRT). I 2002 enda Solberg pa andreplass i rally-VM ( WRC , World Rally Championship), og i 2003 gjekk han heilt til topps og vart den fyrste norske verdsmeisteren i rally nokon gong. Dette aret vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje . I 2004 og 2005 enda han pa andreplass bak verdsmeister Sebastien Loeb .

Solberg vart noregsmeister i rallycross og bakkeløp i 1995 og 1996, og han vart noregsmeister i rally i 1998. Same ar underteikna han kontrakt med VM-teamet til Ford , og i 2000 bytta han fra M-Sport Ford til Subaru (SWRT). Petter Solberg har vunne 13 VM-rundar i karrieren.

Petter Solberg pa veg ut fra service i Rally Sverige 2004.

Hausten 2004 vart biografien Petter Solberg - 110% lansert. Boka er ført i pennen av journalist/forfattar Geir Svardal. Solberg er den best betalte norske idrettsutøvaren nokon gong med ei arsløn som truleg pa mellom 30 og 40 millionar kroner. Han er busett i Monaco saman med den svenske kona si, Pernilla (dotter av Per-Inge Walfridsson [europameister i rallycross 1980]), som sjølv var ein dyktig rallyførar pa 1990-talet, og sonen Oliver. Petter Solberg er veslebroren til Henning Solberg .

Hovudsponsoren til Petter Solberg i 2006 er 24SevenOffice , som inngjekk ein rekordavtale i norsk malestokk verdt 5 millionar kroner.

Kartlesaren til Petter Solberg har vore walisaren Philip Mills sidan 1999.

Sigrar i rally-VM [ endre | endre wikiteksten ]

Petter Solberg under Rally Japan i 2006, to ar etter at han vann rallyet.
Petter Solberg under Race of Champions i 2007.

Enkeltsigrar:

  • Rally Storbritannia 2002
  • Rally Kypros 2003
  • Rally Australia 2003
  • Rally Frankrike ( Korsika ) 2003
  • Rally Storbritannia 2003
  • Rally New Zealand 2004
  • Rally Hellas 2004
  • Rally Japan 2004
  • Rally Storbritannia 2004
  • Rally Italia ( Sardinia ) 2004
  • Rally Sverige 2005
  • Rally Mexico 2005
  • Rally Storbritannia 2005

Førar-VM samanlagt:

  • 2000: 10.-plass
  • 2001: 10.-plass
  • 2002: 2.-plass
  • 2003: Verdsmeister
  • 2004: 2.-plass
  • 2005: 2.-plass