Paske

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den kristne høgtida. For den jødiske paska, sja pesah .
Paskelilje .

Paska (gjennom gresk Π?σχα og arameisk ???????? [pas??] fra hebraisk ?????? [pesa?], ‘passering’) er den viktigaste av dei kristne høgtidene, og blir markert til minne om Jesu Kristi død og oppstode. I forkant av paska kjem fastetida og den stille veka , og etter paskesundag kjem pasketida, som varar fram til pinse . I tillegg til den kristne tydinga har høgtida og innslag fra jødisk pesah , som lammemiddag ; fra heidensk tru, som paskeegg ; og fra hovudsakleg verdsleg kultur, som paskekrim og pasketur i fjellet .

Gulfargen er knytt til paska, kanskje sidan det er fargen til sola , kyllingar og eggeplomma . Dei gule paskeliljene blomstrar vanlegvis ved pasketider, og er blitt eit anna symbol pa paska.

Ordsoge [ endre | endre wikiteksten ]

Ordet ≪paske≫ er ei forvansking av namnet pa den jødiske høgtida pesah . Utanom Skandinavia blir namn avleidde av det hebraiske namnet bruka pa nederlandsk og pa dei fleste romanske spraka . Pa tysk og engelsk brukar ein oftast det førkristne namnet ≪Ostern≫ ( tysk ) eller ≪Easter≫ ( engelsk ).

Kristen paskefeiring [ endre | endre wikiteksten ]

Jesus pa krossen. Maleri av Diego Velazquez (1599-1660).

Stilleveka [ endre | endre wikiteksten ]

Opptakta til feiringa av paske byrjar med palmesundag , og held fram med stilleveka der ein markerer skjærtorsdag og langfredag . Desse dagane er til minne om Kristi liding og markeringa ber i dei fleste kyrkjer framleis preg av den enkle liturgien fra fastetida. I Den katolske kyrkja blir statuar og bilete dekte til, og det blir ikkje ringt med kyrkjeklokkene. Det er og særs lite dekorasjonar i kyrkjene mellom skjærtorsdag og paskeaftan.

Skjærtorsdag [ endre | endre wikiteksten ]

Skjærtorsdagen er heilagdag i Noreg og Danmark, men er arbeidsdag i dei fleste andre landa. Dagen vert feira til minne om det siste maltidet til Jesus og læresveinane, og dette vert markert med gudstenester med nattverd . Nokre held og fotvasking til minne om fotvaskinga som har gjeve dagen namn.

Langfredag [ endre | endre wikiteksten ]

Langfredagen er av dei stillaste dagane i aret, og det set og eit preg pa gudstenesta. Alterlysa vert ikkje tent, pynten er ofte borte fra alteret, musikken er avdempa. I gudstenesta vert Jesu liingshistorie lesen, ei lang og dramatisk forteljing.

Mange stader har folk krossvandringar der dei minnest Jesu vandring til Golgata , samtidig som dei bed for dagsaktuelle emne. Men i luthersk tradisjon er all langfredagsmarkering avdempa - noko som star i sterk motsetning til den meir dramatiske langfredagsmarkeringa i sørlege, katolske strok.

Paskeaftan [ endre | endre wikiteksten ]

Paskeaftan er laurdagen før paskedag . Tradisjonelt er det ein dag der ein ikkje har liturgiske handlingar; i bade katolsk og ortodoks tradisjon er denne dagen føreskriven som ein dag utan liturgi . Ein seier gjerne at paskeaftan er den dagen da kyrkja star samla i sorg ved Kristus si grav.

Paskevaka [ endre | endre wikiteksten ]

Paskevaka , eller paskevigilia, er starten pa sjølve paskefeiringa. Ho blir gjerne feira som ein paskenattsmesse kring midnatt pa paskeaftan, eller tidlegast etter solefall. Ein bruker i den kyrkjelege tradisjonen ofte den gamle definisjonen pa eit døger som ein finn i jødisk liturgi, nemleg fra solefall til solefall. Det vil seie at det uansett er pa sundagen ein byrjar feiringa, uavhengig av det verdslege døgeret sin gang.

I vestleg tradisjon er det tradisjon for at liturgien byrjar med tenning av paskelyset , som er eit symbol pa Kristus; han kalla seg ≪Verda sitt lys≫. Liturgien star i kontrast til den som har vore dei føregaande dagane; kyrkjene er no pynta, prestane har gjerne pa seg dei flottaste messekleda og korsongen er lovsong i staden for dei meir neddempa salmane som blir bruka i fasta og den stille veka. Det er og tradisjon for a lese Paskelovsongen , ein høgtideleg proklamasjon av paskeunderet.

I den protestantiske kyrkja feirar dei oftast ikkje paskevigilie, men i dei seinare ara er det og i desse kyrkjelydane vorte stadig meir vanleg med ei gudsteneste paskenatt.

Paskedag [ endre | endre wikiteksten ]

Kristi oppstode. (Russisk ikon fra 1500-talet.)

Pa paskedagen held feiringa av Kristi oppstode fram pa morgonen og denne dagen innleier i tradisjonelt ein oktav , det vil seie ein attedagarsperiode der alle dagar liturgisk sett blir rekna som festdagar pa lik line med sundagar.

Paskedagen er halden som den fremste høgtidsdagen i den kristne kyrkja. I mange land held dei og andre paskedag som heilagdag . Tredje paskedag var heilagdag i Danmark og Noreg fram til 1771, og heldt som ≪halvhelg≫ lang tid etter dette.

Pasketida [ endre | endre wikiteksten ]

Pasketida varar fram til pinse .

Verdsleg paskefeiring [ endre | endre wikiteksten ]

Heidenske røter [ endre | endre wikiteksten ]

Sorbiske paskeegg .

Den kristne paskefeiringa fell saman med ein gammal heidensk tradisjon om a feira varjamndøgeret og eit nytt jordbruksar . For a sikra grøde hadde ein mange skikkar der ein brukte symbol for livskraft . Ein brukte mellom anna egg , til dømes til a grava ned i jorda eller som gaver mellom ungdom. Desse er blitt til var tids dekorerte eller godterifylde paskeegg

I Tyskland blei egga forbunde med paskeharen ; det vart sagt at han ein gong om aret kunne leggja egg, og det var i paska.

Nye klede [ endre | endre wikiteksten ]

Nye klede er eit symbol pa fornying, noko paska er pa mange plan. [1] I engelsktalande land finst ein langvarig tradisjon for a fa nye klede til paske. Shakespeare nemner han i Romeo og Julie [2] A ta pa nye klede til paske var rekna som lukkebringande. [3] Etterkvart gjekk skikken over til a gjelda ein hatt som blei kjøpt eller pynta til paske. Denne skikken er omtalt i songen ≪Easter parade≫ av Irving Berlin . [4] Skikken er etterkvart gatt ut av bruk, slik at berre særs gamle og særs unge bruker ny paskehatt, eller Easter bonnet . [5] I staden er det vanleg for ungar i barnehagar og smaskular a pynta spesielle hattar med paskepynt .

Nyare tradisjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Fjelltur [ endre | endre wikiteksten ]

I Noreg er det ganske vanleg a nytta paske ferien til a dra pa fjellet for a nyta snøen og sola . Dette kan ha samanheng med ein tradisjon om a sja pa sola fra ein fjelltopp paskemorgon. Ein meinte nemleg at sola dansa pa denne dagen, i glede over at Jesus var statt opp igjen. Denne skikken kan og ha bade jødiske og heidenske røter:

I jødedommen er pesah fra Toraen av forbunde med ofringa av paskelammet pa Tempelhøgda . Denne ofringa skjer ikkje i vare dagar sidan Tempelet i Jerusalem ikkje star og er i det meste av jødedommen erstatta med lesinga av paskeforteljinga under paskemaltidet . Samaritanarane feirar framleis pesah med ofring av paskelam pa Gerizim -fjellet.

Dei moglege røtene i asatrua heng saman med at sola pa denne tida av varen varmar meir enn om vinteren . Sjølv om vi ikkje veit heilt sikkert om det var nokon slik skikk, sa er ein fjelltur for a sja sola sta opp ein rimeleg konsekvens av dette. Ein skikk som er meir direkte knytt til soldyrking og ein tidlegare offerkult , er den gamle norske skikken a smørje smør pa ein stein og sja at sola ≪et≫ smøret.

Paskekrim [ endre | endre wikiteksten ]

Eit anna moderne paskefenomen er paskekrimmen , det vil seia ein tradisjon for a lesa kriminalromanar eller senda ein kriminalserie pa fjernsynet i paskeveka.

Samisk paske [ endre | endre wikiteksten ]

For reindriftsamane fell paska og starten pa reinsdyrtrekket til kysten saman, og høgtida er derfor blitt til ei sosial samlingstid der ein gjerne legg giftarmal, selskap og konkurransar.

Nar er det paske? [ endre | endre wikiteksten ]

Dei første kristne feira paska slik ho vart tidfesta etter den jødiske kalenderen. Etter denne kalenderen kunne paskedagen falle pa ein kvar vekedag, slik at dei kunne komme til a feire Jesu oppstode pa ein fredag. Rundt ar 160 e.Kr. byrja difor dei kristne i Roma a feire paskedagen første søndagen etter den jødiske paskeaftan. Men praksisen var ulik inntil kyrkjemøtet i Nikea i 325 fastsette at paskedagen heller skulle feirast første søndagen etter første fullmane etter varjamndøgn (her: 21. mars).

I dei vestlege kyrkjene kan paskedagen tidlegast falle pa 22. mars , seinast 25. april . Mange austlege ortodokse kyrkjer reknar etter den julianske kalenderen , slik at paska der fell pa ein annan dato.

Dato for paskedag ar 2000?2050
Ar Vestlege
kirker
Austlege kyrkjer
Gregoriansk
dato
Juliansk
dato
2000 23. april 30. april 17. april
2001 15. april  2. april
2002 31. mars  5. mai 22. april
2003 20. april 27. april 14. april
2004 11. april 29. mars
2005 27. mars  1. mai 18. april
2006 16. april 23. april 10. april
2007  8. april 26. mars
2008 23. mars 27. april 14. april
2009 12. april 19. april  6. april
2010  4. april 22. mars
2011 24. april 11. april
2012  8. april 15. april  2. april
2013 31. mars  5. mai 22. april
2014 20. april  7. april
2015  5. april 12. april 30. mars
2016 27. mars  1. mai 18. april
2017 16. april  3. april
2018  1. april  8. april 26. mars
2019 21. april 28. april 15. april
2020 12. april 19. april  6. april
2021  4. april  2. mai 19. april
2022 17. april 24. april 11. april
2023  9. april 16. april  3. april
2024 31. mars  5. mai 22. april
2025 20. april  7. april
2026  5. april 12. april 30. mars
2027 28. mars  2. mai 19. april
2028 16. april  3. april
2029  1. april  8. april 26. mars
2030 21. april 28. april 15. april
2031 13. april 31. mars
2032 28. mars  2. mai 19. april
2033 17. april 24. april 11. april
2034  9. april 27. mars
2035 25. mars 29. april 16. april
2036 13. april 20. april  7. april
2037  5. april 23. mars
2038 25. april 12. april
2039 10. april 17. april  4. april
2040  1. april  6. mai 23. april
2041 21. april  8. april
2042  6. april 13. april 31. mars
2043 29. mars  3. mai 20. april
2044 17. april 24. april 11. april
2045  9. april 27. mars
2046 25. mars 29. april 16. april
2047 14. april 21. april  8. april
2048  5. april 23. mars
2049 18. april 25. april 12. april
2050 10. april 17. april  4. april

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Cindy Dell Clark, Flights of Fancy, Leaps of Faith: Children's Myths in Contemporary America (University of Chicago Press), 1998:97. Oppgjeve i Engelsk Wikipedia .
  2. Mercutio erter Benvolio: "Did'st thou not fall out with a Tailor for wearing his new Doublet before Easter?≫
  3. Iona Opie & Moira Tatem. ≪EASTER: new clothes≫, A Dictionary of Superstitions. Oxford University, 1996. ISBN-13: 9780192829160. Onlineversjon: 2003 eISBN: 9780191726873.
  4. In your Easter bonnet
    with all the frills upon it,
    You'll be the grandest lady in the Easter parade. (Irving Berlin, ≪Easter Parade≫, 1933.
  5. "Where's the Easter wear? Forget the Easter eggs, try to find a bonnet" Arkivert 2013-01-25 ved Archive.is , Boston Herald , April 16, 2006.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]