Omleiringa av Danzig
skjedde i 1734 da
russarane
fra 22. februar til 30. juni kringsette og erobra den
polsk-litauiske
byen
Danzig
(dagens Gda?sk) under
den polske arvefølgjekrigen
. Det var første gongen at soldatar fra
Frankrike
og
Russland
møtte kvarandre som fiendar pa slagmarka.
[3]
August II av Sachsen
, som og hadde regjert som
konge av Polen
det meste av tida sidan 1697, døydde den 1. februar 1733, og utløyste ein kamp over kven som skulle ta over den polske trona.
Stanisław Leszczy?ski
, som hadde styrt som konge ei kort stund under
den store nordiske krigen
(1705 til 1709), vart vald som konge den 10. september 1733, med brei støtte i den polske adelen og folkesetnaden, samt fra
Frankrike
(der dottera hans var gift med
Ludvig XV
), og
Sverige
(der
Karl XII
hadde støtte han i den første regjeringstida).
Russland
,
habsburgarane
og
Sachsen
, ønskte ein monark dei kunne ha meir innverknad over, og gjekk imot valt. Russland sendte soldatar inn i Polen i august 1733, eit første forsøk pa a paverke valet, men tvinga sa Stanisław, som berre hadde 2000 soldatar i
Warszawa
, til a trekkje seg attende til
Danzig
, der han grov seg ned med partisane sine (inkludert primasen av Polen
Teodor Potocki
og franske og svenske ministrar) for a vente fra støtta som Frankrike hadde lova. Den 30. september nadde ei russisk arme pa 20 000 mann under
Peter Lacy
fram til Warszawa, og 6. oktober vart det halde eit nytt
sejm
som utropte
August III
til konge.
Frankrike, som hadde lova økonomisk og militær støtte til Stanisław i kampen hans om trona, nølte med a sende ein flate til
Austersjøen
for a unnga konfrontasjonar med
Storbritannia
og
Dei sameinte Nederlanda
som kunne dra desse nøytrale nasjonane inn i krigen. Franske midlar fann sin veg til Danzig i 1733 og vart nytta av general von Bittinghofen, militærkommandanten i Danzig, til a utbetre forsvaret av byen i vente av ei militær handling fra Russland, Sachsen, og Austerrike. I tillegg til dei 4 500 regulære soldatane som var stasjonerte i byen, klarte støttespelarane til Stanisław a mønstre ein lokal milits for a forsterke byen.
General Lacy, matte forlate store garnisonar for a kunne sla partisanane til Stanisław, og marsjerte 12 000 mann til Danzig, og byrja kringsetjinga den 22. februar 1734. Pa grunn av mangel pa skikkeleg kringsetjingsutstyr og at det framleis var vinter, var det lite aktivitet til a byrje med, og russarane matte slite med konstante smatrefningar med partisanane bade innanfor og utanfor kringsetjingslinjene.
Kardinal de Fleury
, radgjevaren til
Ludvig XV
, sendte ein liten flate til Austersjøen for a støtte Stanisław. Dei drog ut fra
Brest
den 31. august 1733 med ein flate pa 14 skip (ni transportskip med 1500 soldatar og ein eskorte pa fem
fregattar
) og nadde fram til
København
den 20. september. Flaten vart kalla attende før det vart klart at Stanisław trengde ei eller anna form form støtte.
Den 17. mars nadde marskalk
Munnich
fram med forsterkingar - 15 000 soldatar (og kringsetjingsarmeen talde da totalt 60 000 soldatar), og tok over kommandoen over kringsetjinga. Det gjekk treigt med russarane pa grunn av mangelfullt artilleri.
Adam Tarło
, ein av Stanisław sine støttespelarar, leia 8000 mann i eit forsøk pa a oppheve blokaden, men desse vart overraska av ei avdeling sendt fra kringsetjingslinja under Lacy nær byen Berent (dagens
Ko?cierzyna
) og drivne attende. Da russarane fekk tyngre artilleri og 10 000 saksarar nadde fram i mai, erobra russarane fortet Sommerschanz ved munningen til elva
Wisla
, men vart slatt attende i eit blodig forsøk pa a storme Hagelburg.
Da det vart kjend i Paris at Stanisław var blokkert i Danzig i februar 1734, vart det organisert ein ny støtteflate. Sjølv om Plelo bad om femten til tjue tusen soldatar, vart det først bere sendt to skip (≪Achille≫ og ≪Gloire≫) under kommandør Barailh med 1800 mann under Perouse La Motte. Desse soldatane vart sett i land i Weichselmunde den 11. mai. Fire dagar seinare forlet Perouse La Motte stillinga, erklært ho uthaldbar, og vendte attende til København. Her insisterte grev Plelo at det vart handla, og at flaten vart forsterka med fleire skip (≪Fleuron≫, ≪Brilliant≫ og ≪l'Astree≫). Flaten vendte attende til Danzig, og sette soldatar i land den 24. mai. Den 27. mai, i det som vart den første fiendtlege trefninga mellom franske og russiske soldatar, prøvde denne styrken a storme dei russiske skyttargravene, men mislukkast med dette. Forsøket kosta mellom anna grev Plelo livet), og trekte seg attende til Weichselmunde. Ein russisk flate under admiral
Thomas Gordon
nadde fram den 1. juni, og sette i land fleire vapen. Kanonane fra flaten gøyv sa laus mot den franske stillinga slik at dei overgav seg og Weichselmunde (og dermed kontrollen over hamna til Danzig) følgde nokre dagar seinare. Barailh vendte attende til København, men ikkje før to av skipa i flaten hans kapra den russiske fregatten ≪Mittau≫. Dette skipet vart etter kvart byta mot franske fangar.
Danzig kapitulerte utan vilkar den 30. juni etter a ha halde ut i 135 dagar, noko som kosta russarane 8000 mann.
[3]
Danzig vart paført store skadar og matte og betale for reparasjonane til sigerherrane.
Forkledd som ein bonde, hadde Stanisław klart a rømme to dagar før byen overgav seg. Han dukka opp att i
Konigsberg
, der han sendte ut eit
manifest
til parisanane sine som gjorde at det vart danna eit forbund pa hans vegner. Det vart og sendt eit polske
sendebod
til
Paris
for a be Frankrike invadere Sachsen med minst 40 000 mann. I
Ukraine
hapte grev
Nicholas Potocki
pa a støtte Stanisław med a sende om lag 50 000 geriljasoldatar som opererte pa landsbygda kring Danzig. Desse vart derimot etter kvart spreidd av russarane og Frankrike avslo a sende ytterlegare hjelp. Stanisław avstod formelt fra kravet sitt til trona den 26. januar 1736.
Etter overgjevinga vart russiske styrkar sendt lenger vest for a støtte Austerrike i forsvaret av riket mot dei franske inntoga i
Rhindalen
. Dei russiske styrkane nadde Rhinen for første gong i historie og var med pa a avgrense dei franske militære handlingane pa denne krigsskodeplassen.