한국   대만   중국   일본 
Ole O. Lian ? Wikipedia Hopp til innhald

Ole O. Lian

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ole O. Lian

Fødd 10. november 1868
Tønsberg
Død 21. februar 1925 (56 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti Arbeidarpartiet
Yrke politikar , typograf , fagforeiningsleiar
Alle verv

Ole Olsen Lian (fødd  10. november   1868  i Tønsberg , død  21. februar   1925  i Oslo ) var ein norsk Arbeidarparti -politikar og formann for LO fra 1906 til han døydde. Det var medan Lian var leiar at LO vart ein masseorganisasjon.

Lian var fødd i Tønsberg og var utdanna typograf . Han vart først politisk engasjert i det anarkistiske miljøet rundt Kristofer Hansteen og Anarkistisk-Communistisk Gruppe ≪Libertas≫ , men kom etter kvart i kontakt med bade fagrørsla og Arbeidarpartiet. I 1905 vart han nestformann i LO og aret etter vart han vald til formann. Lian var mellom dei kreftene i partiet og fagrørsla som brukte mykje tid og krefter pa a kjempe ned Fagopposisjonen av 1911 , og han var sterkt medverkande til at denne straumninga ikkje vann fleirtal i leiinga i LO, slik den gjorde i Arbeidarpartiet.

Ole O. Lian si grav pa Vestre gravlund i Oslo

Han valde likevel a bli i partiet da mindretalet gjekk ut og danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti , først og fremst fordi han ville halde arbeidarrørsla samla. Politisk var han framleis ein eksponent for høgrefløyen, noko som mellom anna medførte eit forsøk fra Komintern pa a fa han ekskludert. Etter kvart som motsetningane mellom Komintern og Tranmæl -fløyen tiltok i 1922-23 førte dette han inn i ein allianse med Tranmæl.

Ole Lian var nestformann i Arbeidarpartiet mellom 1912 og 1918 og stortingsrepresentant mellom 1916 og 1921.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]