Norsk folkedans
blir til vanleg delt inn i fire grupper:
songdans
,
turdans
,
gamaldans
og
bygdedans
. Iblant blir
songleikar
tekne med som eiga gruppe. Nokre gonger blir songdansen ikkje teken med mellom
folkedansane
i
Noreg
, av di han er ein konstruert dans. I seinare ar er det ogsa nokre som tar med nye folkelege danseformer som
swing
og
rock
.
Songdansen
var den vanlege danseforma i
mellomalderen
, men vart trengt unna av musikkdansen for nokre hundre ar sidan. Han kom i bruk att i byrjinga av 1900-talet, da
Hulda Garborg
starta med songdans. Inspirasjonen til arbeidet henta ho pa
Færøyane
, der dansen hadde levd i ubroten tradisjon fra mellomalderen. Hulda Garborg skapte ein norsk variant. Dansematen er ikkje berre eit fast grunnsteg, som pa Færøyane, men inneheld ogsa ein variasjon i kvart vers ? eit sakalla
brigde
. Desse brigda er ulike fra dans til dans. Seinare var det
Klara Semb
som stod i brodden for arbeidet med songdansen (og turdansen) i Noreg. I Noreg vert det ogsa dansa ein variant av færøydansen utan brigde, kalla
stordans
.
Bygdedansen
er den eldste danseforma som har levd i ubroten tradisjon i landet vart. Bygdedansane deler vi gjerne i to hovudgrupper:
springarformene
(ujamn takt, 3/4 etc.) og
gangarformene
(jamn takt, 2/4 etc). Av springarformene er springar,
pols
,
springleik
og
rundom
særleg kjent. Av gangarformene er gangar,
halling
/laus,
rull
og
bonde
dei mest kjende. Innan kvar av desse gruppene er det særs mange ulike variantar. I gruppa springar er det til dømes svært mange former, som til dels er særs ulike. I
hardingfeleomradet
er det gjerne ein eller fleire variantar i kvar ≪
region
≫ (ein fjord, ein dal etc). Døme er
hallingspringar
,
valdresspringar
,
telespringar
,
numedalsspringar
,
sognespringar
,
sunnmørsspringar
,
sørfjordspringar
etc. Mange stader i landet gjekk bygdedansen heilt av bruk, men dei siste tiara har han somme stader vorte leita fram att or gløymsla (rekonstruert). Døme er sunnmørsspringar,
nordmørspols
,
romsdalsspringar
.
Gamaldansen
kom særleg i bruk i andre helvta av 1800-talet og dei første tiara av 1900-talet. Han vart gjerne kalla
runddans
. Han trengde til side bygdedansen mange stader. Ofte vart musikken til gamaldansen spela pa
trekkspel
, men fele og endatil hardingfele vart ogsa mykje brukt. Dei vanlege grunnformene er
vals
,
reinlender
,
polka
og
masurka
, og i tillegg har vi mange avleidde og lokale former og variantar (til dømes
hamborgar
,
springpols
,
wienerkryss
og
pariserpolka
).
Turdansane
er ei stor og mangfaldig gruppe av dansar. Somme dansetypar vart mest brukte pa
danseskular
i byane og pa storgardane, og fekk ikkje rot mellom folk flest. Andre vart mykje brukte i visse strok av landet. Dei eldste vart tekne i bruk pa 1700-talet, og utover pa 1800-talet. Det er Klara Semb som framom andre har arbeidd med turdansen i Noreg. I mange tiar reiste ho rundt i landet og skreiv opp halvgløymde dansar og lærde dei fra seg att pa kurs. Det finst ulike grupper av turdansar. Dei største kallar vi lausleg for
rekkjedansar
der mange dansar i rekkje eller i firkantoppstillingar. Døme er
fandango
,
fransese
,
lansier
,
kvadrilje
,
figaro
,
fireturar
,
seksturar
,
hopsa
. Ei stor gruppe er dei dansane der ein dansar parvis. Døme er
pariserpolka
,
varsovienne
,
tantoli
,
tyrolaren
,
rugen
,
lottista
. Ei anna gruppe er tre-manns-dansane - det er gjerne rilar. Døme er
tretur fra Hordaland
,
tretur fra Aure
,
oppdalsril
. I nokre turdansar dansar alle i ein stor ring (slik som i songdans). Døme:
attetur i stor ring
. Den største gruppa er vel likevel ≪normale≫ turdansar der fire, seks eller atte par dannar ring. Døme er
seksmannsril
,
attetur med mylne
,
firetur fra Romerike
.
Songleikane
er for det meste dansar/leikar som barn har nytta i gata, pa løkker og tun. Ein del av desse blir brukt i det organiserte folkedansarbeidet. Det finst ogsa nokre songleikar for vaksne.