한국   대만   중국   일본 
Norges Kommunistiske Parti ? Wikipedia Hopp til innhald

Norges Kommunistiske Parti

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Norges Kommunistiske Parti

Land Noreg
Partileiar (ar) Runa Evensen
Grunnlagt 4. november 1923
Forgjengar Arbeidarpartiet
Hovudkvarter Oslo
Ideologi marxisme-leninisme , kommunisme   Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjon venstreekstremisme
Slagord Folkemakt mot pengemakt!

Norges Kommunistiske Parti NKP blei danna 4. november 1923 av det mindretalet pa landsmøtet i Det norske Arbeidarpartiet DNA som framleis ville vere medlemmer i den kommunistiske Tredje Internasjonalen . Kommunistane [1] var i mindretal i arbeidarrørsla , men var til a begynne med eit betydeleg mindretal, med større oppslutning enn Ap til dømes i Bergen. Den leiande politikaren i NKP pa 1920-talet var den moderate Olav Scheflo .

Da Josef Stalin hadde tatt all makt i det sovjetiske kommunistpartiet , slo det inn pa ein ekstrem "venstre"-kurs pa slutten av 1920-talet, blant anna med den berykta "sosialfascisme"-tesen der andre sosialistar blei gjorde til hovudfiende, og parole om a bekjempe "reformistiske" fagforeiningar. Dette førte til minka oppslutning om NKP, og til at fleire av partiet sine leiande politikarar, mellom dei Olav Scheflo, gjekk ut av partiet og inn i Ap. Pa 1930-talet hadde NKP nesten inga oppslutning i val, men spelte ei viss rolle i konkrete saker som solidaritetskampanjen for Spania under den spanske borgarkrigen .

Bauta pa Nordre gravlund i Oslo, til minne om 23 medlemmer av sentralkomiteen i NKP som vart offer i den antinazistiske motstandskampen 1940-45. Skulpturen er laga av Odd Hilt .

Under okkupasjonen 1940 - 1945 gjekk NKP under leiing av Peder Furubotn inn for aktiv væpna motstand mot okkupasjonsmakta og NS -styret. NKP-medlemmene Ragnar Solli og Asbjørn Sunde og deira "gjengar" var blant dei fremste sabotørane i heile den norske motstandsrørsla. NKP leid store tap, bade i kamp og ved at mange leiande kommunistar blei torturerte i hel eller avretta av nazistane .

Denne innsatsen for Noregs fridom førte til sterkt auka støtte for partiet. Ved valet i 1945 fekk NKP over 11 % av stemmene.

Men under den kalde krigen minka oppslutninga igjen, bade fordi partiet insisterte pa sitt nære samband med Det sovjetiske kommunistpartiet , og pa grunn av eit veldig press fra styresmaktene og heile det etablerte Noreg mot dei, der dei blei skulda for a førebu landssvik i tilfelle konflikt med Sovjetunionen . Det er no kjent at i denne perioden hadde ulovleg overvaking og ulovleg samband mellom dei hemmelege tenestene og regjeringspartiet Ap eit relativt stort omfang (jf. Lund-kommisjonen ).

I 1949 blei NKP ogsa splitta, da Furubotn og tilhengarane hans blei ekskluderte (utestengde) fra partiet, skulda for a vere " titoistar ".

Under leiing av Reidar T. Larsen begynte NKP pa slutten av 1960-talet a frigjere seg fra bindinga til Sovjetunionen, og tok til dømes klart avstand fra invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 . Men berre eit mindretal i partiet følgde Larsen inn i Sosialistisk Venstreparti da det blei danna som eit sosialistisk samlingsparti i 1975 .

Etter den tid har NKP gatt tilbake til ein tradisjonell, nostalgisk kommunisme , og partiet er lite og ubetydeleg, bortsett fra i eit par kommunar der dei spelar ei lokal rolle. NKP gir ut avisa Friheten , og ungdomsforbundet heiter Norges Kommunistiske Ungdomsforbund (NKU).

Partileiarar [ endre | endre wikiteksten ]

Oppslutning ved stortingsval 1924-2005 [ endre | endre wikiteksten ]

Valbu i Oslo før stortingsvalet i 2009.
NKP i fyrstemaitoget i Trondheim i 2013.
Arstal Prosent av røystene Antal stortingsrepresentantar
1924 6,1% 6
1927 4,0% 3
1930 1,7% 0
1933 1,8% 0
1936 0,3% 0
1945 11,9% 11
1949 5,9% 0
1953 5,1% 3
1957 3,4% 1
1961 2,9% 0
1965 1,4% 0
1969 1,0% 0
1973 ¹
1977 0,4% 0
1981 0,3% 0
1985 0,2% 0
1989 ²
1993 0,01%
1997 0,08% 0
2001 0,07% 0
2005 0,04% 0

¹ Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Sosialistisk Valforbund .
² Ved dette valet stilte ikkje NKP eigne lister, men var med i Fylkeslistene for Miljø og Solidaritet .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Med ≪kommunistane≫ er her meint NKP, sjølv om ogsa Ap kalla seg kommunistisk fram til ca. 1927. Ungdomsorganisasjonen til Ap, Norges Kommunistiske Ungdomsforbund, følgde NKP ved kløyvinga, og Ap-ungdommen kalla seg fra 1923 til 1927 Venstrekommunistisk Ungdomsfylking (no Arbeidernes Ungdomsfylking AUF).