Nauroz

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det er ein kurdisk tradisjon a hoppa over bal under naurozfeiringa, her markert i Istanbul.

Nauroz ( farsi ?????, av nau , ‘ny’ og roz , ‘dag’; kurdisk ??????? newroz, og kalla nav-roz , nevroz , noruz , novrodj o.a.) er den persiske nyarsdagen . Det nye aret byrjar ved varjamdøgn , 20.-22. mars i den vestlege kalenderen, og feiringa gar over fleire dagar. Nauroz har røter fleire hundre ar attende, og er knytt til parsismen . I 2009 blei nauroz utnemnd som immateriell verdsarv av UNESCO .

Dagen vert feira i heile det persiske kulturomradet i Midtausten, Sentral- og Sør-Asia og hja bahaiar , parsiar og mange muslimar over heile verda. I Iran / Kurdistan , Irak Aserbajdsjan , Afghanistan , Kasakhstan , Kirgisistan , Tadsjikistan , Turkmenistan og Usbekistan er det ein offentleg høgtidsdag.

Fleire ulike skikkar og symbol er knytt til dagen. I manaden før nauroz blir det halde ei grundig varreingjering . Til sjølve feiringa er det vanleg a laga til eit bord kalla haft-sin , som tyder 'sju s-ar'. Bordet blir dekt med sju ting som byrjar med s pa farsi, til dømes sabzeh ( matspirer ), samanu (kveitespirepudding), sib ( eple ), sonbol ( hyasint ), senjed ( russisk sølvbusk ), sir (kvitlauk), serkeh ( eddik ), sikkeh ( gull myntar ) og somagh ( sumak ). Element fra ein tidlegare haft-chin tradisjon, som egg , spegel , gullfisk , levande lys og rosevatn er ogsa vanlege. Vidare kan ein ha tørka frukt, søtsaker, nyarsettar, nasjonalfargar og ei heilag bok (som Avesta , Koranen eller Kitab-i-Aqdas ) eller ei diktsamling ( Shahnameh eller Hafez ). Tinga star for liv, grøde, gjenføding, helse, rikdom og sa bortetter.

Familieselskap, festmaltid, kulturelle tilstelingar, idrettsstevne, diktlesing og hopping over eld eller bekkar er andre matar a feira nauroz pa.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Nauroz
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .