Musikkvideo
er ein
kortfilm
laga for a passa til ein
song
eller
melodi
. Musikkvideoar er ofte brukt til
marknadsføring
av
popmusikk
, men kan ogsa vera laga mest som eit kunstnarisk uttrykk. Ein musikkvideo kan innehalda ei kort forteljing, visa
musikarar
som framfører
musikken
sin, eller vera meir usamanhengjande eller abstrakt.
Musikk har ei lang tilknyting til levande bilde. I 1894 blei levande musikk og
laterna magica
brukt til a fremja sal av
notene
til ≪
The Little Lost Child
≫ av noteforlaget Edward B. Marks and Joe Stern.
[1]
Musikk var viktig som akkompangement til
stumfilmar
, men med utviklinga av
lydfilm
pa 1920-talet blei det ogsa laga ei rekkje filmar der musikk var eit berande element. Musikalske kortfilmar (
musical shorts
) med songar framførte av songarar med musikarar, tidvs ogsa saman med
dans
til, blei laga av filmstudio som
Warner Bros.
,
Paramount
og
MGM
, medan
Fleischer Studios
laga animerte
Song Car-Tunes
og
Screen Songs
, sistnemnde ein forløpar for
karaoke
. Dei tidlege animasjonsfilmane til
Walt Disney
, som kortfilmane
Silly Symphonies
og den lengre
Fantasia
, var alle bygde opp rundt musikk.
Pa 1940-talet blei det laga ≪
soundies
≫, musikalske filmar pa rundt 3 minutt, med musikk fra ei rekkje sjangrar. Lengre
musikalfilmar
var ogsa populære. Desse hadde fleire musikalske innslag med song og dans av ulik slag, mellom anna som
Rock Around the Clock
og
Love Me Tender
fra 1956. Den franske oppfinninga
Scopitone
, ein visuell
jukebox
, sist pa 1950-talet
[2]
førte til at artistar som
Serge Gainsbourg
,
Francoise Hardy
,
Jacques Brel
og
Jacques Dutronc
laga korte filmar til songane sine.
I 1964 spelte
The Beatles
inn filmen
A Hard Day's Night
, ein svart-kvittfilm som gav inntrykk av a vera ein
dokumentar
om bandet, men hadde humoristisk dialog og fleire musikalske nummer. Han var ein viktig inspirasjon for tv-programma til amerikanske
The Monkees
. Beatles sin oppfølgjar
Help!
fra 1965 blei ogsa ein modell for seinare musikkvideoar.
Alle dei mest populære artistane pa 1960-talet byrja laga lengre eller kortare ledsagande filmar til musikkutgjevingane sine - i tillegg til Beatles kan ogsa nemnast
Kinks
,
Doors
,
Bob Dylan
og
Rolling Stones
. Til ≪
Dead End Street
≫ fra 1966 laga Kinks ein av dei første musikkvideoane med eit plott, der bandmedlemmene speler gravferdsagentar og ei enkje. Dylan-songen ≪
Subterranean Homesick Blues
≫ fra same aret var filma av
D.A. Pennebaker
for ein dokumentar. Denne filmen hadde verken plott eller ei filma musikkframføring, men inneheldt Dylan som viste fram plakatar med ord fra songteksten.
Fra midten av 1970-talet var musikkvideoar blitt ein naturleg del av marknadsføringa av artistar. Fjernsynsprogram som
australske
Countdown
og
Sounds
og britiske
Top of the Pops
byrja visa musikkvideoar, og i
1981
starta den amerikanske tv-kanalen
MTV
, som berre sende musikkvideoar. Den første videoen som blei vist pa MTV var ≪
Video Killed the Radio Star
≫ av
Buggles
. Mange artistar pa 1980-talet bygde suksessen sin pa dyktig laga og pirrande musikkvideoar, som
Adam and the Ants
,
Duran Duran
og
Madonna
. Den nær 14 minutt lange videoen til
Michael Jackson
-songen ≪
Thriller
≫ fra 1983, regissert av
John Landis
, er ein ikonisk musikkvideo som opna for afro-amerikanske artistar pa MTV.
Pa 2000-talet blei musikkvideoar meir og meir vanlege pa nettstader som
MySpace
og
YouTube
. Dette blei dels møtt med motstand fra
opphavsrettsforvaltarar
, dels teke imot som ein ny promoteringsplattform for artistar som
Justin Bieber
og med nye nettenester som
Vevo
.
- Denne artikkelen bygger pa ≪
Music video
≫ fra
Wikipedia pa engelsk
, den 7. april 2014.
- Banks, Jack (1996)
Monopoly Television: Mtv's Quest to Control the Music
Westview Press
ISBN 0-8133-1820-3
- Clarke, Donald (1995)
The Rise and Fall of Popular Music
St. Martin's Pressy
ISBN 0-312-11573-3
- Denisoff, R. Serge (1991)
Inside MTV
New Brunswick:
Transaction publishers
ISBN 0-88738-864-7
- Durant, Alan (1984). Cited in Middleton, Richard (1990/2002).
Studying Popular Music
. Philadelphia: Open University Press.
ISBN 0-335-15275-9
.
- Frith, Simon, Andrew Goodwin & Lawrence Grossberg (1993)
Sound & Vision. The music video reader
London: Routledge
ISBN 0-415-09431-3
- Goodwin, Andrew (1992)
Dancing in the Distraction Factory : Music Television and Popular Culture
University of Minnesota Press
ISBN 0-8166-2063-6
- Kaplan, E. Ann (1987)
Rocking Around the Clock. Music Television, Postmodernism, and Consumer Culture
London & New York:
Routledge
ISBN 0-415-03005-6
- Keazor, Henry; Wubbena, Thorsten (2010).
Rewind, Play, Fast Forward: The Past, Present and Future of the Music Video.
transcript Verlag.
ISBN 383761185X
- Kleiler, David (1997)
You Stand There: Making Music Video
Three Rivers Press
ISBN 0-609-80036-1
- Middleton, Richard
(1990/2002).
Studying Popular Music
. Philadelphia: Open University Press.
ISBN 0-335-15275-9
.
- Shore, Michael (1984)
The Rolling Stone book of rock video
New York: Quill
ISBN 0-688-03916-2
- G.Turner,
Video Clips and Popular Music
, in Australian Journal of Cultural Studies 1/1,1983, 107?110
- Vernallis, Carol (2004)
Experiencing Music Video: Aesthetics and Cultural Context
Columbia University Press
ISBN 0-231-11798-1
- Thomas Dreher: History of Computer Art
Chap. IV.2.1.4.2: Music Videos.