한국   대만   중국   일본 
Marita Koch ? Wikipedia Hopp til innhald

Marita Koch

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marita Koch

Marita Koch slar Marlies Gohr pa 200 meter i 1984.
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 18. februar 1957 (67 ar)
Wismar
Yrke sprintar , friidrettsutøvar
Sprak tysk
Høgd 171 centimeter
Marita Koch pa Commons

Marita Koch ( fødd  18. februar   1957  i Wismar ) er ein tidlegare sprintar som representerte Aust-Tyskland . Marita Koch held den gjeldande verdsrekorden pa 400 meter sprint pa tida 47,60. [1] Verdsrekorden pa 400 meter vart sett under eit verdscupstemne i Canberra i oktober 1985. Sjølv om dette er den einaste verdsrekorden som Marita Koch framleis held i dag, sette ho til saman 15 verdsrekordar i løpet av karrieren sin. Den einaste som har sett fleire verdsrekordar er sprintaren Betty Cuthbert fra Australia . Marita Koch har framleis den europeiske rekorden pa 200 meter; 21,71 sekund, men deler denne rekorden med Heike Drechsler . [2] Marita Koch gifte seg med trenaren sin, Wolfgang Meier, og heiter no Marita Meier-Koch.

Biografi [ endre | endre wikiteksten ]

I 1978 deltok Marita Koch i EM i friidrett i Praha , der ho tok gull pa 400 meter pa 48,94 sekund og sette verdsrekord pa distansen. Aust-Tyskland tok ogsa gull pa 4 x 400 meter stafett med Marita Koch pa ein av distansane. Under EM i friidrett 1982 i Athen forbetra ho 400 meterstida til 48,16 og sette dermed enda ein ny verdsrekord, i tillegg til at Aust-Tyskland sette verdsrekord pa 4 x 400 meter stafett med 3,19,05. Marita Koch tok gull i begge øvingane ogsa under EM i friidrett 1986 i Stuttgart og presterte dermed a ta gull i dei same to øvingane i tre EM pa rad.

Marita Koch vart forhindra fra a delta i sommar-OL 1976 i Montreal grunna skadar. Sidan Aust-Tyskland boikotta sommar-OL 1984 i Los Angeles , vart hennar fyrste og einaste olympiske leikar sommar-OL 1980 i Moskva . Her sprang ho 400 meter pa 48,88 sekund, tok gullmedalje og sette ny olympisk rekord. Ogsa i Moskva sprang Koch ein av distansane under 4 x 400 meter stafett for kvinner og vann olympisk sølvmedalje for Aust-Tyskland , bak Sovjetunionen .

I 1983 var Marita Koch med pa VM i friidrett i Helsingfors , der ho kom heim att med fire gullmedaljar. I 100 meter sprint var det landskvinna Marlies Gohr som gjekk av med sigeren, men Marita Koch tok sølv. I 200-meter tok ho gull framfor Merlene Ottey . Koch deltok ikkje i 400 meter under dette meisterskapet, men tok gull til Aust-Tyskland i bade 4 x 100 meter og 4 x 400 meter stafett.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]