한국   대만   중국   일본 
Marit Aarum ? Wikipedia Hopp til innhald

Marit Aarum

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Marit Aarum

Fødd 22. april 1903
Død 19. februar 1956 (52 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti Venstre
Yrke samfunnsøkonom , politikar
Medlem Norsk Kvinnesaksforening
Alle verv
  • Leder for Norsk Kvinnesaksforening (1955–1956)  Sjå dette på Wikidata

Marit Johanne Aarum ( 22. april 1903 19. februar 1956 ) var ein norsk samfunnsøkonom , kvinnesaksforkjempar og venstrepolitikar , som var leiar i Norsk Kvinnesaksforening 1955?1956. Ho hadde ei rekkje verv i Venstre og var vararepresentant til Stortinget .

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Aarum tok examen artium i 1921 og blei utdanna cand.oecon. ved Universitetet i Oslo i 1926. Etter eit utanlandsopphald blei ho tilsett som sekretær (saksbehandlar) i Statens arbeidstilsyn , der ho i 1945 blei inspektør og seinare konsulent , ei relativt høg stilling pa det tidspunktet. Ho arbeidde blant anna med internasjonale avtalar og forhandlingar, og særleg med SN -systemet. Ho var regjeringsutsending for Noreg til den internasjonale arbeidskonferansen i 1948, representerte ofte Noreg pa møte med Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og jobba som SN-ekspert i Pakistan for ILO 1952?1953, der ho var sysselsett med a betre arbeidsforholda i industri og landbruk. [1] [2]

Politisk arbeid [ endre | endre wikiteksten ]

Aarum var engasjert i Venstre og Norsk Kvinnesaksforening . [3]

Aarum var 1. viseformann i Norsk Kvinnesaksforening 1952?1955 og overtok som fungarande formann da Ingerid Gjøstein Resi døydde i ein flystyrt i Sovjetunionen i august 1955. Ho sat i formannsvervet til ho sjølv døydde i februar 1956. Ho var ogsa redaktør for tidsskriftet Kvinnesaksnytt og medlem av arbeidsutvalet i Norske Kvinners Nasjonalrad , ein paraplyorganisasjon der NKF var medlem. [4]

Aarum var formann i Oslo Venstre , medlem av Oslo bystyre , varamedlem av Oslo formannskap og medlem av ei rekke kommunale komitear i Oslo for Venstre. Ho var vararepresentant til Stortinget for Venstre fra 1954 til ho døydde. [5]

Utgjevingar [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1949: Midlertidig lov om Arbeidsvilkar for hushjelp av 3. desember 1949 : med kommentarer samt en del om Ferieloven og Syketrygdloven

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Elisabeth Lønna (1996). Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 . Gyldendal Norsk Forlag. s. 335. ISBN   8205244952 .  
  2. Dagbladet . 20. februar 1956. s. 2.  
  3. Marit Aarum hos Norsk Kvinnesaksforening.
  4. Norske kvinners nasjonalrad 1904?1954 . NKN. 1957. s. 89.  
  5. Marit Aarum hos Stortinget.