한국   대만   중국   일본 
Manntal ? Wikipedia Hopp til innhald

Manntal

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sja folketeljing .

Eit manntal er ei offentleg liste med namn pa personar, sett opp for eit bestemt formal.

Norske manntal [ endre | endre wikiteksten ]

Valmanntal [ endre | endre wikiteksten ]

I Noreg vert det sett opp offentlege valmanntal som viser kven som har røysterett til stortingsval , kommune- og fylkestingsval , sokneradsval og sametingsval . Ein ma sta i manntalet for a ha røysterett ved val.

Manntal som historiske kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Skattemanntal er sett opp for a gje oversikt over kven som er skattepliktige. I Noreg finst brotstykke av slike manntal attende til mellomalderen . Blant dei eldste skattemantala er listene som vart sett opp for innkreving av gjengjerden fra 1514, tomarkeskatten fra 1519 og tiendpengeskatten fra 1520-22. Fra om lag 1600 har lensrekneskapa skattemanntal for dei som betalte odels - og leiglendingeskatt . Blant andre skattemanntal som vert bruka ved slektsforsking og lokalhistorie er koppskatten fra 1645 og ekstraskatten i 1762. Den sistnemnde skal vere den rikaste personalhistoriske kjelda blant skattemanntala. Her vart det ført manntal over alle innbyggjarar over 12 ar, bade skattepligtige og fattige, menn som kvinner.

Manntala fra 1660-ara og fra 1701 var forløparar til folketeljingane . Eit hovudformal for dei var a gje oversyn over den vernepliktige delen av folket, følgjeleg dekker dei berre den mannlege delen av folket. Likevel kan dei vere viktige som personalhistoriske kjelder, sidan kjeldematrialet fra denne tidbolken er sparsamt.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Nils Johan Stoa og Per-Øivinf Sandberg (2001): Vare røtter - Handbok i slektsgransking Cappelen

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]