Malmo

Koordinatar : 55°36′5.8572″N 13°0′13.295″E  /  55.601627000°N 13.00369306°E  / 55.601627000; 13.00369306
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

55°36′5.8572″N 13°0′13.295″E  /  55.601627000°N 13.00369306°E  / 55.601627000; 13.00369306

Malmo
by
Vapenskjold
Land   Sverige
Areal 7 833  km²
Folketal 325 069 (31. desember 2020)
Kart
Malmo
55°35′35″N 13°01′17″E  /  55.593188589918°N 13.021423031021°E  / 55.593188589918; 13.021423031021
Wikimedia Commons: Malmo
S:t Petri-kyrkja i Malmo
Stadsbiblioteket
Fosie, med Turning Torso i bakgrunnen

Malmo ( dansk Malmø ) er ein by i Malmo kommun i Skane , sør i Sverige . Byen voks fram pa 1200-talet, og er administrasjonssenter for bade Skane lan og Malmo kommun . Byen Malmo er den tredje største i Sverige med 280 415 innbyggjarar i 2011.

28 % av folkesetnaden i Malmo er fødde i utlandet, og til saman 174 land er representert. I løpet av dei siste tiara har Malmo gatt fra a vere ein utprega industriby til a ha eit variert næringsliv med svært mange arbeidsplassar innan handel og tenesteyting. Det er og stor innpendling fra omegnskommunane. Største arbeidsgjevarar er Malmo stad, Skane lan og Skanska Sverige AB .

Malmo har bl.a veg- og jernbanesamband til København via Øresundsbrua og ferjesamband med Travemunde / Lubeck .

Det tyske namnet pa byen var Elbogen (som 'olboge') med tanke pa bogeforma til kysten ved Limhamn . Tidlegare betydde ordet malm og grus . [1] Det mest pafallande landemerket i byen er Turning Torso , som med ei høgd pa 190 meter er ei av dei høgaste bustadblokkene i Europa.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Historia til Malmo gar tilbake til midten av 1200-talet. I 1275 blir Malmo omtalt som stad første gongen, og etter at byen i 1360 hadde fatt danske kjøpstadsrettar, utvikla han seg raskt til a bli ein av dei mektigaste handelsbyane i Norden og den viktigaste i Danmark etter København, og ei viktig festning. Byen opplevde ei ny blomstring i første halvdelen av 1500-talet. Ved freden i Roskilde 1658 vart grensa mellom Sverige og Danmark trekt i Øresund , og Malmo vart svensk. I hundreara som følgde var byen fleire gonger gjenstand for danske atak og kringsetjing.

Malmo opplevde ein ny vekst fra byrjinga av 1800-talet. Folketalet passerte 100 000 i byrjinga av 1910-ara og 200 000 omkring 1950.

Demografi [ endre | endre wikiteksten ]

Malmo er ein multikulturell by der det vert snakka 150 sprak og og 174 nasjonalitetar er representert. [2] Av byens 302 835 innbyggjarar [3] er 41 % første- eller andreigenerasjonsinnvandrarar. [4] dei største gruppene av innvandrarar er fra dei følgjande landa [5] :

  1. Flagget til Irak Irak (9 940)
  2. Flagget til Danmark Danmark (8 972)
  3. Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia tidlegare Jugoslavia (8 426)
  4. Flagget til Polen Polen (7 053)
  5. Flagget til Bosnia-Hercegovina Bosnia og Hercegovina (5 969)
  6. Flagget til Libanon Libanon (3 780)
  7. Flagget til Iran Iran (3 375)
  8. Flagget til Tyrkia Tyrkia (2 110)
  9. Flagget til Ungarn Ungarn (2 038)
  10. Flagget til Romania Romania (2 014)

Malmo har vore gjenstand for internasjonal merksemd pa grunn av den demografiske utviklinga. [6] [7] [8]

Kriminalitet [ endre | endre wikiteksten ]

I 2010 var Malmo den byen med nest flest melde lovbrot i Sverige. Talet var pa 20 696 anmeldte lovbrot per 100 000 innbyggjarar. [9] Det er noko lagare enn Stockholm med 21 035 [10] , og ein del høgare enn landsgjennomsnittet pa 14 605. [11] Nar det gjeld kvardagskriminalitet har talet pa anmeldingar per innbyggjar fall med 20% det siste tiaret [12] , men nar det gjeld valdskriminalitet, valdtekt og ran har talet auka kraftig. Per 100 000 innbyggjarar var det meldt 1 053 valdstilfelle i 1996, over femten ar har talet auka til 1 727. Mengda valdtekter per 100 000 innbyggjarar har auka fra 109 til 217 [13] , og mengda ran har auka fra 424 per ar til 984 i same periode. [14] [15] I 2010 var det 64 drapsforsøk og 12 drap i Malmo [16] , politiet har vore utsett for fleire bombeatak [17] [18] , og i periodar vil ikkje politiet flytte seg inn i nokre bydelar. [19] Fleire av drapa i byen blir kopla til gjengkriminalitet. [20]

Malmos ≪lasermann≫ [ endre | endre wikiteksten ]

I 2010 var det fleire skyteepisodar i Malmo der ein mann skaut pa tilfeldige innvandrarar, og da spesielt innvandrere med mørk hud. [21] Gjerningsmannen fekk kallenamnet ≪Malmos lasermann ≫ av media. Motivet for skyteepisodene trur ein var rasisme. [22]

Kultur og utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Malmo er sete for landshøvdingen i Skane lan. Byen har to dagsaviser og Sveriges Radios regionsentral for Skane og Blekinge . Her er universitetssjukehus, lærarhøgskule, tannlegehøgskule, musikkhøgskule, teaterhøgskule og kunsthøgskule. Her ligg og World Maritime University (SN). Malmo Stadsteater vart opna 1944.

Byskildring [ endre | endre wikiteksten ]

Den eldste delen av Malmo er Gamla staden, men riktig gamle hus finst berre spreitt. Nokre av dei mest kjende er radhuset fra 1546, landshøvdingsresidensen fra 1600-talet og Jorgen Kocks hus (1523). Bydelen er omgjeve av kanalar og i vest avgrensa av Kungsparken, Slottsparken og slottet Malmohus, oppført av Christian III 1536?42, no museum med samlingar av kunst, kultur- og naturhistorie. St. Petri kyrka , ferdig 1332, er etter Lund domkyrkje den største i Sør-Sverige. Vest for sentrum ligg bydelen Slottsstaden med moderne bustadbygg og det 27 etasjar høge kontorbygget ≪Kronprinsen≫ fra 1964. Lenger vest er villaomrade og fleire strandbad. I sør er parkomradet Pildammsparken og fleire store idrettsanlegg; austom sentrum ligg det omdiskuterte bustadomrade Rosengard med høgblokker fra 1960-ara. I 2005 vart han 190 m høge skyskraparen Turning Torso , teikna av Santiago Calatrava , ferdigstilt.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. www.ts.skane.se/fakta/ortnamn-i-skaane
  2. arkivkopi , arkivert fra originalen 27. september 2011 , henta 4. juli 2012  
  3. arkivkopi , arkivert fra originalen 12. april 2010 , henta 4. juli 2012  
  4. arkivkopi (PDF) , arkivert fra originalen (PDF) 19. juni 2013 , henta 19. juni 2013  
  5. ≪Malmobor med utenlandsk bakgrunn, 1. jan 2012≫ (PDF) . Malmo stad. Arkivert fra originalen (PDF) 18. mars 2014 . Henta 7. mars 2012 .  
  6. http://www.foxnews.com/story/0,2933,139614,00.html
  7. http://www.cbn.com/CBNnews/556299.aspx
  8. http://wn.com/cbn_malm%C3%B6,_sweden_growing_muslim_influence
  9. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  10. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=142
  11. arkivkopi , arkivert fra originalen 18. mars 2014 , henta 4. juli 2012  
  12. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  13. http://www.brottsportalen.se/index.php?curPage=28&kommun=110
  14. http://affes.wordpress.com/2011/03/16/malmo-valdsbrott-och-ran-slar-rekord/
  15. http://statistik.bra.se/solwebb/action/index
  16. http://www.bra.se/download/18.395cc8381309cd1546c80003133/120Ln12-2010.xlsx
  17. http://www.sydsvenskan.se/malmo/article1350379/Bil-skadad-i-explosion-pa-Rosengard.html
  18. http://www.nrk.no/nyheter/verden/1.7977195
  19. http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=10077703
  20. http://www.sydsvenskan.se/malmo/article1554345/Mord-och-skottlossningar-med-gangkoppling-2011.html
  21. http://www.aftenposten.no/meninger/leder/article3868681.ece
  22. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article3867273.ece

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Malmo