한국   대만   중국   일본 
Malaga ? Wikipedia Hopp til innhald

Malaga

Koordinatar : 36°28′0″N 4°29′9″W  /  36.46667°N 4.48583°W  / 36.46667; -4.48583
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Malaga
Horisonten til Málaga
Horisonten til Malaga
Flagget til Málaga Byvåpenet til Málaga
Flagget til Malaga Byvapenet til Malaga


Plassering
Málaga is located in
Styresmakter
Land   Spania
Autonom region Andalucia
Provins Malaga
Grunnlagd 600-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyomrade

395 km²
561.71 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Byomrade
 - Storbyomrade

566 447
  1 434 /km²
824 842
1 091 228
Koordinatar 36°28′0″N 4°29′9″W  /  36.46667°N 4.48583°W  / 36.46667; -4.48583
Høgd over havet 11 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 29001-29018
Telefon-retningsnummer +34 95
Nettstad: www.ayto-malaga.es

Malaga er ein by i den autonome regionen Andalucia i Spania . Han er den nest største byen i Andalucia, den sjette største i Spania og den 43. største byen i Den europeiske unionen med kring 570 000 innbyggjarar. Han er den attande største europeiske byen ved Middelhavet og er den byen i Europa med meir enn 250 000 innbyggjarar som har dei varmaste vintrane. Byen ligg sør i Spania pa Costa del Sol , om lag 100 km aust for Gibraltarsundet , og om lag 130 km nordaust for Tarifa - det sørlegaste punktet pa det europeiske fastlandet.

Malaga dannar i lag med Rincon de la Victoria , Torremolinos , Benalmadena , Fuengirola og Alhaurin de la Torre eit byomrade kalla Stor-Malaga med over 800 000 innbyggjarar. I storbyomrade bur over ein million innbyggjarar, som er det femte største i Spania.

Det gamle historiske senteret i Malaga ligg ved hamna i sør, ved sida av elva Guadalhorce og er omgjeve av fjell i nord, Montes de Malaga (ein del av Baetic Cordillera ).

Malaga er fødestaden til Pablo Picasso og den spanske militærleiaren Bernardo de Galvez som var guvernør i Louisiana . Den heilage veka og Feria de Malaga er to kjende festivalar i Malaga.

Dei viktigaste næringane i Malaga er turisme, konstruksjon, jordbruk og teknologi.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Fønikarar fra Tyre grunnla byen her om lag 1000 fvt. Namnet Malaka kjem truleg fra det fønikiske ordet for ≪salt≫, sidan ein salta fisk nær hamna.

Hamna

Byen vart styrt av vestgotarar (bortsett fra Austromarriket mellom 552 og 620) etter kartagarane og Romarriket .

Pa 700-talet, da dei muslimske arabarane erobra det meste av Spania, vart byen eit viktig handelssenter. Malaga høyrde først til Kalifatet Cordoba . Etter at Umayyad -dynastiet fall, vart han hovudstad i eit eige kongedøme, som var underlagt Granada . I denne tida vart byen kalla M?laqah ( arabisk ????? ).

Den reisande Ibn Battuta , som kom gjennom byen i 1325, skildra han som ≪ein av dei største og vakraste byane i Andalucia som knytte saman nytten av bade havet og landet og som var rik pa mat og frukt.≫ Han lovpriste druene, fikenen og mandlane og moskeen i byen vart skildra som stor og vakker. [1] .

Malaga var ein av dei iberiske byane der arabarane heldt ut lengst, sidan han var ein del av Emiratet Granada , medan resten av halvøya alt hadde vorte tapt for arabarane i reconquista , den spanske kampen om a drive dei muslimske arabarane ut av landet. Malaga vart erobra av kristne styrkar i 1487, fem ar før Granada fall.

24. august 1704 fann slaget ved Velez-Malaga stad i havet sør for Malaga. Det var det største sjøslaget i den spanske arvefølgjekrigen .

Malaga vart utsett for kraftige bombeatak av nasjonalistar eller republikanarar , bade fra fly og skip, under den spanske borgarkrigen i 1936. Den kjende britiske journalisten og forfattaren Arthur Koestler vart fanga av nasjonalistane da dei gjekk inn i Malaga. Dette danna grunnlaget for boka hans Spanish Testament .

I 1960-ara førte den kraftige auken i turisme pa Costa del Sol til eit stort økonomisk oppsving i byen.

Turisme [ endre | endre wikiteksten ]

Calle Larios er hovudgata i Malaga.

Malaga er ikkje ein turiststad om ein definerer det som ein stad med mange hotellsenger. Men mange turistar vitjar likevel byen sidan han ligg nær Costa del Sol . Mange av turistane som dreg til Malaga kjem hit for a vitje fødestaden til kunstnaren Pablo Picasso . Fra Malaga er det enkelt a kome seg til andre byar som Sevilla , Cordoba , Granada og Jaen med bil, bat eller tog.

Sport [ endre | endre wikiteksten ]

Kjende personar fra Malaga [ endre | endre wikiteksten ]

Venskapsbyar [ endre | endre wikiteksten ]

Malaga har seks venskapsbyar:

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Malaga
Reiseguide for Malaga fra Wikivoyage

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]