한국   대만   중국   일본 
Lyonel Feininger ? Wikipedia Hopp til innhald

Lyonel Feininger

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Lyonel Feininger

Pseudonym Feininger, Lyonel Charles Adrian, Feininger, Charles Leonell
Statsborgarskap USA
Fødd 17. juli 1871, 17. juni 1871
New York by
Død

13. januar 1956, 31. juli 1956 (84 ar)
New York by

Yrke kunstmalar , kunstnar , fotograf , illustratør , teikneserieteiknar , lærar , grafikar , teiknar
Medlem av American Academy of Arts and Letters, De fire bla, Der Blaue Reiter, American Abstract Artists, Berlin-secesjonen
Ektefelle Julia Feininger
Born Lore Feininger , Laurence Feininger , Theodore Lux Feininger , Andreas Feininger
Lyonel Feininger pa Commons

Lyonel Feininger ( 17. juli   1871 13. januar   1956 ) var ein tysk-amerikansk malar og grafikar , som var bade fødd og døydde i New York i USA .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Der Dom in Halle , 1931
Die Blauen Vier, med Galka Scheyer til venstre

Foreldra til Feininger hadde innvandra fra Tyskland til New York. Dei mange inntrykka i storbyen formidla Feininger biletleg; bade av musikk, tog, batar, bruer, skyskraparar og framstillinga av leiketøy. Han reiste til Berlin, der han studerte musikk. Etter ei tid byrja han a teikne for moroblad, fyrst for tyske, seinare ogsa for franske og amerikanske tidsskrift.

I Paris kom Feininger i kontakt med Robert Delaunay og han vart kjend med kubistane sine verk. Fra 1913 budde han fast i Tyskland. Han hadde eit nært tilhøve til medlemane i Der Blaue Reiter . Seinare underviste han ved Bauhaus i Weimar og i Dessau . Saman med Vasilij Kandinskij , Paul Klee og Aleksej von Jawlensky danna han i 1924 gruppa Die Blaue Vier.

Feininger var ein av dei malarane som Hitler-regimet fann a vere degenerert, og dermed matte sja dei utstilt pa Entartete Kunst i 1937, ei utstilling til skrekk og atvaring. Feininger vende da tilbake til USA. Gjennom arbeidet som kunstlærar, sin forfattarskap og nye akvarellar spela han ei viktig rolle for framveksten av den abstrakte ekspresjonismen.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]