Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Leonid Makarovytsj Kravtsjuk
(
10. januar
1934
–
10. mai
2022
) var ein ukrainsk økonom og politikar som fra 5. desember 1991 til 19. juli 1994 var den fyrste presidenten i
Ukraina
etter at landet erklærte sjølvstende fra
Sovjetunionen
.
Kravtsjuk var formann i Ukrainas øvste
sovjet
da det i 1990, med 354 røyster mot 4, vedtok nasjonal suverenitet. Ei folkerøysting 1. desember 1991 gav 92 % tilslutning lausriving fra Sovjetunionen. Kravtsjuk vart samstundes vald til president, med over 61 % av røystene bak seg. Den 8. desember 1991 samla dei nasjonale leiarane i
Kviterussland
,
Russland
og Ukraina seg i
Minsk
og signerte Minsk-avtalen, noko som førte til at Sovjetunionen vart oppløyst to veker seinare. Kravtsjuk signerte for Ukraina,
Boris Jeltsin
for Russland og
Stanislav Sjuskevitsj
for Kviterussland.
Ved presidentvalet sommaren 1994 fekk Kravtsjuk 47 % av røystene, utfordraren Leonid Kutsjma vann med 52 % oppslutning. Fra 1994 til 2006 var Kravtsjuk medlem i Verkhovna Rada (landstinget), siste atte ara som representant for Sosialdemokratane (SDPU).