한국   대만   중국   일본 
Lars Hertervig ? Wikipedia Hopp til innhald

Lars Hertervig

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Lars Hertervig

Lars Hertervig (truleg) mala av Niels Bjørnsen Møller i 1851.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1830
Tysvær kommune
Død

6. januar 1902 (71 ar)
Stavanger kommune

Yrke kunstmalar
Lars Hertervig pa Commons

Lars Hertervig ( 16. februar   1830 6. januar   1902 ) var ein norsk kunstmalar . Han vart fødd i 1830 pa Borgøy i Tysvær kommune , men voks for det meste opp i Stavanger , der han seinare døydde. Hertervig var plaga av sinnslidingar heile livet, noko som gjorde han fattig og ukjend som malar. Kunsten hans er blitt gjenoppdaga i moderne tid, og har inspirert ei rekke samtidskunstnarar. Det er særleg naturskildringar fra Ryfylke kunstnaren er kjend for.

Skogtjern
Oljemaleri fra 1865.

Hertervig drog til akademiet i Dusseldorf i 1852 for a ga i lære hja Hans Gude . Etter berre to ar som kunststudent matte han avbryta studia og flytta tilbake til Stavanger -omradet pa grunn av mentale plager, truleg schizofreni . Verken ein sjøtur til Middelhavet eller eit opphald pa Gaustad asyl kunne lækja han.

Hertervig henta motiva sine fra fjord og skog i stavangeromradet. Arbeida hans fra 1860-ara er særleg merkte av sjukdommen hans. Trea har forvilla, fantastiske former, klippene og skyene har ofte blokkaktige former.

Dei siste tretti ara av livet sleit Hertervig med darleg økonomi og hadde ikkje lenger rad til a mala med olje pa lerret . Fra denne perioden er det arbeid utført med akvarell og gouache pa papir som ikkje var laga for slike arbeid. I nokre bilete bygde han opp arbeida av fleire lag og papirbitar som er limt saman med heimelaga rugmjølsklister .

Hertervig døydde i Stavanger som fattiglem . Det endelege gjennombrotet hans kan seiast a ha kome pa den store jubileumsutstillinga i Christiania i 1914 , fyrst 12 ar etter han var daud.

Det finst fa eller ingen portrett av Hertervig. Eitt kan vera mala av Niels Bjørnsen Møller i 1851, da bae studerte ved Christiania Tegneskole. Det vert og hevda at Hertervig teikna eit sjølvportrett. Det er heller ikkje verifisert.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Lars Hertervig

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]