한국   대만   중국   일본 
Kuomintang ? Wikipedia Hopp til innhald

Kuomintang

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Partiflagget til Kuomintang

Guomindang eller Kuomintang ( Nasjonalistpartiet , kinesisk skrift 中國國民黨, pinyin Zh?ngguo Guomind?ng, KMT ) er eit politisk parti i Republikken Kina som var verksamt pa det kinesiske fastlandet fram til 1949 .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Partinamnet betyr noko slikt som ≪Det nasjonale folkepartiet≫, og partiet blei skipa i 1911 under revolusjonen mot keisardømmet det aret. Xinhairevolusjonen styrta Qing-dynastiet i Kina . Formelt vart partiet skipa den 25. august 1912 i Guangdong provinsen av Sung Chiao-jen og Sun Yat-sen .

Leiaren var Sun Yat-sen , som ønskte sjølvstende, demokrati og modernisering for Kina . Etter a ha samarbeidd med dei kinesiske kommunistane og med Sovjetunionen mot korrupte regionale krigsherrar, vende den nye Guomindang-leiaren Jiang Jieshi seg plutseleg mot kommunistane og massakrerte dei i 1927. Jiang Jieshi er og kjend som general Chiang Kai-shek .

Dette var starten pa ein langvarig borgarkrig mellom Guomindang og kommunistane, som reorganiserte seg pa landsbygda i innlandet. Innimellom kriga begge partar ogsa mot krigsherrar og japanske styrkar, som angreip Kina i 1931 og pa ny og i større omfang i 1937 . Guomindang fekk militært utstyr fra USA , og kommunistane fra Sovjetunionen.

I 1949 slutta borgarkrigen med kommunistisk siger, og restane av Guomindang-regimet, som framleis kalla seg " Republikken Kina " reiste til øya Taiwan og installerte seg der. Guomintang var det einaste partiet i Republikken Kina (Taiwan) fram til 1991 , og var i mange ar synonymt med republikken.

Partiet i dag [ endre | endre wikiteksten ]

Guomindang er ikkje lenger eineradande pa Taiwan, mange taiwanarar vil heller ha sjølvstende utan krav pa a representere fastlandet. Saman med Folket sitt fyrste parti utgjer det ein koalisjon kjend som den pan-bla koalisjonen . Dei ynskjer sameining av Kina, i motsetnad til den pan-grøne koalisjonen , som ynskjer taiwansk sjølvstende .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]