한국   대만   중국   일본 
Malarkunst ? Wikipedia Hopp til innhald

Malarkunst

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Kunstmalar )
Mellomaldermaleri av kvinne som maler eit sjølvportrett .
Friluftsmaling av hest.

Malarkunst er ei form for biletkunst som gar ut pa a laga maleri gjennom a festa fargestoff til ei overflate pa kunstferdig vis. Dei som lagar maleri vert kalla malarar , eller kunstmalarar , dersom ein vil skilja dei fra yrkesmalarar. Mange reknar malarkunsta for a vera den viktigaste kunstforma. Dette ser ein mellom anna ved at ordet ≪ kunst ≫ ofte vert brukt berre med tydinga malarkunst.

Motiv [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja motiv i bilde .

Malarar har ofte konsentrert seg og gjerne spesialisert seg i a mala særskilde motiv. Desse kan vera portrett , landskap , stilleben (ting som ligg stille), og religiøse, mytologiske eller historiske bilete. Det er vanleg a skilja mellom figurativ kunst , som viser attkjennbare motiv, og abstrakt kunst , som er former utan klar tyding.

Føremal [ endre | endre wikiteksten ]

Malarkunst kan ha som føremal for malaren a skapa og uttrykka seg, ho kan brukast som dekorasjon og for a visa ære eller status. Ho er mykje brukt til a utsmykka bygningar som sakralbygg , offentlege bygg og bustadar . I nyare tid er malarkunst ogsa blitt samla og vist fram i galleri .

Nokre maleri kan ha religiøse funksjonar, til dømes i form av ikon .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Malarkunst er ei eldre uttrykksform enn skrift , og er kjend sidan steinalderen . Nokre av dei eldste maleria ein kjenner er holemaleri i den franske Grotte Chauvet , og er om lag 32 000 ar gamle. Desse viser ville dyr som hestar , ullhara nashorn , mammutar og løver , og er utførte ved at ein har hatt raud oker og svart fargestoff i utskjeringar i fjellveggen. Liknande arbeid pa hole- eller fjellveggar finst over heile verda. I Noreg finst dei i form av helleristingar .

Dei fleste samfunn har utvikla si eiga malarkunst, der kultur, materiale og tradisjonar dannar ulike skular for malarkunst. Vestleg malarkunst utvikla seg i fleire periodar i Europa med paverknad bade fra tidlegare periodar, som antikken , og andre kulturar, som Japan og Kina .

Malarstilar [ endre | endre wikiteksten ]

Kunstnarar har alltid paverka kvarandre, og det er vanleg a gruppera maleri fra ei viss tid og gjerne fra eit visst omrade i ei namngjeven gruppe. Det kan vera kunsthistorikarar som ser ein samanheng og set namn pa stilen i ettertid, eller kunstnarane kan sjølv aktivt ga inn for ein viss mate a mala pa som dei gjer eit visst namn.

Nokre stilar innan vestleg kunsthistorie [ endre | endre wikiteksten ]




Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]