한국   대만   중국   일본 
Vatning ? Wikipedia Hopp til innhald

Vatning

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Kunstig vatning )
Overrislingsanlegg spreier vatn utover ein aker i Spania

Vatning , og kalla kunstig vatning eller irrigasjon , er eit gamalt kulturtiltak i jordbruket der ein overfører vatn til omrade der det er for liten nedbør til plantevekst, for a utvida vekstsesongen der regntida er for kort, eller for a optimalisera vasstilførsla i veksttida. Tidspunktet for vatning og tilført mengd vatn kan ein fastsetja ut fra jordarten og vassbehovet til dei enkelte vekstane pa ulike utviklingstrinn, jamført med nedbør og graden av vassmetting i jorda.

Vatning vert nytta dei fleste stader i verda. Av den samla jord- og hagebruksjorda i verda vert ifylgje FAO om lag 16 % kunstig vatna (om lag 2.3 mill km 2 ). Vel 60 % av areala ligg i Asia , i fyrste rekkje i Kina , India og Pakistan . Andre land med vidfemnande kunstig vatning er USA , Egypt og land i det tidlegare Sovjetunionen .

Metodar [ endre | endre wikiteksten ]

A kunstig fløyma over ved bassengvatning er typisk praksis for risdyrking , der jorda i ein stor del av veksttida skal sta under vatn. Felta vert planerte og omgjevne med lage jordvollar. Ein legg bassenga etter kvarandre, i hellande terreng som terrassar, med overløp fra eitt til det neste. Ved andre metodar for vatning skal vasstilførsla ikkje vera større enn at vatnet infiltrerer i jorda, og dei største porene held seg fylte med luft . Overrisling ved henganlegg vert brukt der vasskjelda ligg høgre enn jorda som ein skal vatne. Vatnet vert fordelt gjennom gradvis mindre kanalar og grøfter, dei siste med ein horisontal kant som vatnet rislar jamnt over. Ved furevatning, for radkulturar i svakt hellande terreng, vert vassførande furer lagt langs fallet; vatnet star lagare enn jordoverflata. Ved skvettvatning vert vatnet skvetta utover, fra grøfter eller sma kulpar, med spadeliknande øser. Denne metoden vert brukt fleire stader i verda, ogsa der ein ma skaffa vatnet fra lagareliggjande elv eller kanal. Fra svært gamal tid veit ein ogsa om mekaniske, kontinuerleg arbeidande ≪vasslyftarar≫, og kjent som øsehjul, Arkihmedes' skruve m.m.), drivne av menneske, dyr eller elvestraum.

I Noreg har overrisling vore kjend i 300-400 ar. Ved undervatning vert vatnet leidd fram gjennom nedgravne, perforerte røyr eller grøfter, og vatninga vert styrt ved oppdemming i ein hovudkanal ved utløpet av feltet. Metodane passar berre pa flatt land og i veksthus. Gjennom dryppvatning vert vatnet fordelt med perforerte slangar eller ≪sveittande slange≫, der vatnet siv ut gjennom veggen pa slangen. Metoden er vanleg i veksthus, i frukt- og bærkulturar og i villahagar.

Vanlegast pa friland i Noreg er regnvatning, der vatnet ved naturleg eller mest kunstig trykk vert leidd gjennom dels faste, dels flyttbare røyr til roterande spreiarar (sirkelspreiarar). Store sirkelspreiarar vatnar 1?3 dekar per oppstilling, sma spreiarar dekkjer 0,4?0,9 dekar. Vatningsmaskiner er samansette av ein spreiar montert pa ei vogn eller slede som vert trekt etter slangen inn mot maskinen. Slangetrommelen pa denne vert driven av vasstrykket. For a flytta vatningsmaskinen ma ein bruka traktor. Ein automatisk ventil stenger av vatnet nar spreiarvogna er trekt heilt inn. Til vatningsanlegg vert sentrifugalpumper mest brukt, i Noreg oftast med elektrisk motor. Vatningsanlegg vert bygd i Noreg ofte som samvirketiltak. Kring 13 % av jordbruksarealet her i landet vert i dag kunstig vatna i løpet av ein vekstsesong.

Historikk [ endre | endre wikiteksten ]

Illustrasjon av ein shaduf, eit verktøy brukt til vatning i enkelte omrade i Afrika og Asia

Fleire av dei eldste kjende sivilisasjonane har bygd opp eksistensen sin pa vatning. Flaumane i Nilen var ei naturleg vatning. I Egypt vart det fleire tusen ar før Kristi fødsel bygd kanalar, demningar og reservoar for me.a. a jamna ut flaumen. I Mesopotamia fanst eit høgt utvikla vatningssystem ved elvane Eufrat og Tigris . I Peru var ein stor del av vatningskanalane truleg i bruk før inkariket voks fram.

Ulemper [ endre | endre wikiteksten ]

Med aukande interesse for vatning finn ein, ogsa i landet vart, at vasstilgangen i stigande grad avgrensar utbygging av nye anlegg, me.a. ved konflikt med vassbehov til kraftutbygging og til konsumvatn. I nedbørfattige land vert ogsa grunnvassreservoara tekne i bruk til vatning. Det medfører ein søkk av grunnvassnivaet, og ein ma derfor avgrensa denne utvinninga. Opphoping av salt i matjordlaget oppstar som resultat av vatning nar vatnet har stort saltinnhald og vatninga er sparsam. Dette kan med tida gjera jorda ufruktbar. Omkring 3/4 av all jord som vert vatna i tørre og varme strøk kan fa problem med utfelling av salt. I det tidlegare Sovjetunionen vart vatn til kunstig vatning teke fra elvane i sa stort omfang at vasstanden i me.a. Kaspihavet og Aralsjøen har sokke monaleg. Same situasjon har oppstatt i Dødehavet etter som vatnet fra Jordanelva vert stadig meir brukt til vatning.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]