Konstitusjonelt monarki

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Eit konstitusjonelt monarki er eit keisar -, konge - eller anna slags fyrstedøme der fyrsten, t.d. kongen, berre har ei avgrensa makt. I somme land er fyrsten berre eit statssymbol, t.d. Sverige og Japan , og i andre land har fyrsten konstitusjonelle funksjonar, t.d. Noreg , Danmark og Storbritannia . Den eigentlege definisjonen pa eit konstitusjonelt monarki er at kongens makt er avgrensa av ein konstitusjon (grunnlov).

I mellomalderen var kongedømet i Noreg det me i dag vil kalla konstitusjonelt; d.v.s. kongen hadde avgrensa makt som han laut dela med andre stormenn. Kongen kunne vrakast om han fekk desse imot seg. I Danmark-Noreg vart eineveldet innførd i 1660, i Frankrike i 1661, medan Storbritannia aldri vart einevelde. I Noreg vart einevelde avskaffa med Grunnlova i 1814, i Danmark i 1848, i Russland i 1905, medan Saudi-Arabia framleis er einevelde.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]