Kommunesamanslaing

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Kommunesamanslaing inneber a sla saman administrasjonen til fleire kommunar , gjerne for a effektivisera drifta og spara pengar. Praktisk inneber ei samanslaing at minst ein kommune ma skifta namn og kommunevapen . Overføringa av makt og endringa av identitet som samanslaing fører med seg, inneber ofte stor motvilje mot prosessen fra dei som skal slaast saman.

Sekstitalet [ endre | endre wikiteksten ]

I 1958 hadde Noreg 744 heradskommunar , 64 bykommunar og nokre fa ladestader og andre omrade med særstatus. Mange av kommunane var sma og lite effektive. Schei-komiteen gjekk gjennom alle kommunane og føreslo fleire hundre samanslaingar. Dei fleste blei gjennomført i løpet av 1960-talet . Topparet var 1964, da rundt ein fjerdedel av kommunane i Noreg blei lagt ned. Ogsa i 1963 og 1965 var det svært mange samanslaingar.

Det blei skapt store bykommunar som slukte bygdene omkring, mellom anna for a hjelpa byveksten. Samanslaingane førte til ein storm av protestar, som regel til lita nytte. Nokre fa kommunar, som Hole kommune i Buskerud, fekk seinare lausrive seg igjen.

Samanslaingane pa 60-talet var kanskje darleg likte, men dei var og noksa nødvendige, sjølv om ein og annan kommune nok kunne ha vore spart. Landet fekk ein langt meir oversynleg og velfungerande kommunestruktur.

Etter sekstitalet [ endre | endre wikiteksten ]

Pa 70-talet var det fa samanslaingar, men pa slutten av 80-talet og tidleg pa 90-talet begynte ein a sla saman kommunar rundt dei mellomstore byane. Samanslaingar skjedde særleg i Østfold og Vestfold , men ogsa rundt Hamar .

Økonomisk vann ein lite, sa i tida etter dette har det vore fa samanslaingar. I 2004 blei det gjort framlegg om at ein tredjedel av kommunane ma slaast saman for a effektivisera drifta. Denne gongen skulle samanslaingane vera frivillige, noko som har ført til at Skjerstad kommune blei ein del av Bodø kommune etter fleirtal i ei folkerøysting . I Buskerud stemte Røyken kommune og Hurum kommune nei til samanslaing.

Det finst og alternativ til samanslaing, til dømes samkommunar . Det vil seie at kommuneadministrasjonane blir slatt saman, men at kommunane framleis har ei eiga folkevald forsamling og eit servicekontor. Dette er under utprøving i Innherred samkommune , som omfattar kommunane Verdal kommune og Levanger kommune i Nord-Trøndelag .

Nylege kommunesamanslaingar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]