한국   대만   중국   일본 
Kashmir ? Wikipedia Hopp til innhald

Kashmir

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kart over Kashmir med indisk- og pakistansk-kontrollerte omrade avmerkte i oransje og grønt.

Kashmir er eit historisk land i Asia som no er delt i omrade administrerte av India , Pakistan og Kina . Indisk Kashmir utgjer i dag den indiske delstaten Jammu og Kashmir , pakistansk Kashmir er delt i Asad Jammu og Kashmir og Gilgit-Baltistan , medan delar av nordomrada ligg i den kinesiske provinsen Xinjiang .

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Nanga Parbat , den niande høgaste fjelltoppen i verda og eit særs vanskeleg fjell a klatra i, ligg i den pakistanske delen av Kashmir.

Historisk viste omgrepet ≪Kashmir≫ berre til Kashmirdalen mellom Himalayafjella og den noko lagare fjellkjeda Pir Panjal . Det har seinare blitt utvida til ogsa a omfatta Jammu og Ladakh og det kinesiske Aksai Chin .

Kashmir er kjend for snødekte fjell og annan vakker natur som Dal-sjøen . Det kjølige klimaet har gjort han til eit mykje brukt feriestad under den varme indiske sommaren, særleg av britane under kolonitida .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Kashmir var eit fyrstedømme med muslimsk fleirtal styrt av ein hinduisk maharaja fram til 1947 . Da maharaja Hari Singh valde a bli verande uavhengig og derfor nekta a gjeva seg under bade India og Pakistan , byrja pathanske menn med moralsk støtte fra pakistanske styresmakter a invadere fyrstedømmet. Maharajaen gav seg straks over til India , som gjekk inn med sine troppar og slo attende invasjonen. Sidan den gong har bade India og Pakistan kravd fullt herredømme over heile omradet.

Kashmir-konflikten [ endre | endre wikiteksten ]

Den faktiske situasjonen i dag er at Pakistan har kontroll over noko under halvparten av omradet, Kina har kontroll over ein liten del i nord, og India har kontroll over noko over halvparten av omradet. India og Pakistan har vore i krig tre gonger over dette omradet ? i 1947 ? 1948 , i 1965 og i 1971 ; og det vart nye samanstøytar under Kargilkonflikten i 1999 . Islamistiske aktivistar har byrja pa ein etnisk reinskingsprosess som har ført med seg at eit stort tal minoritetsmedlemmer og opphavlege innbyggjarar har matta flykte fra Kashmirdalen . Militante islamistar som star for væpna djihad , har leirar fleire stader i skogane pa den pakistanske sida av grensa. Ein ny spent situasjon oppstod i 2001 ? 2002 , da India trappa opp den militære aktiviteten sin etter det India meinte var aktiv pakistansk støtte til terroristar i dei indisk-kontrollerte omrada av Kashmir.

Den indiske regjeringa gjer krav pa heile omradet, inkludert den delen som blir administrert av Pakistan , som den indiske regjeringa kallar ≪det pakistansk-okkuperte Kashmir≫, eller ≪POK≫. Pakistan , derimot, godkjenner ikkje nokon del av regionen som indisk og kallar omradet under indisk kontroll ≪det okkuperte Kashmir≫ og omradet som ligg under pakistansk kontroll ≪ Azad Kashmir ≫, eller ≪Det frie Kashmir≫, med unntak av dei nordlegaste omrada, som er ei separat administrasjonseining med det offisielle namnet Dei nordlege omrada .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]