한국   대만   중국   일본 
Karbohydrat ? Wikipedia Hopp til innhald

Karbohydrat

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Struktur for d- mannose

Karbohydrat er energirike organiske molekyl som vert brukt som energikjelde og -lager i alle levande organismar , og dessuten inngar som strukturelement i celleveggane til bakteriar , plantar og tre , og i bindevev hos dyr. Karbohydrat er dei aller vanlegaste biomolekyla pa jorda.

Reine karbohydrat er bygd opp av grunnstoffa karbon , hydrogen og oksygen , oftast i forholdet 1:2:1 med den generelle formelen [C(H 2 O)] x . Kjemisk sett er karbohydrat polyhydroksialdehyder og -keton, det vil seia aldehyd og keton med mange hydroksylgrupper . Dei enklaste karbohydrata vert kalla monosakkarid eller enkle sukkerartar og har 3 til 6 karbonatom per molekyl. Dei best kjende er glukose (≪druesukker≫) og fruktose (≪fruktsukker≫). Vanleg sukker eller farin ( sukrose ) er eit disakkarid samansett av glukose og fruktose.

Mange karbohydrat er tilsynelatande sykliske eterar , meir korrekt sykliske hemiacetaler , idet ketogruppene og hydroksylgruppene dannar intramolekylære bindingar. Karbohydrat kan og danna større molekyl ved at dei bind seg til kvarandre gjennom sakkaridbindingar. Sakkarid vert delte inn i oligosakkarid med nokre fa byggesteinar, og polysakkarid med mange byggesteinar. Oligosakkarida kan vidare delast inn i mono-, di- og tri-sakkarid osv.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]