Jihlava

Koordinatar : 49°24′N 15°35′E  /  49.400°N 15.583°E  / 49.400; 15.583
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jihlava
Sentrum av Jihlava
Sentrum av Jihlava
Sentrum av Jihlava
Flagget til Jihlava Byvåpenet til Jihlava
Flagget til Jihlava Byvapenet til Jihlava
Styresmakter
Land
Kraj
Tsjekkia
Vyso?ina
Først nemnd i 1233
Geografi
Flatevidd 87,866195 km²
Flatevidd
 - By

78,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

50 676
  643/km²
Koordinatar 49°24′N 15°35′E  /  49.400°N 15.583°E  / 49.400; 15.583
Høgd over havet 525 m
Diverse anna
Postnummer 586 01
Heimeside: http://www.jihlava.cz/
Nettstad: www.jihlava.cz
Plassering
Jihlava is located in Tsjekkia

Jihlava ( tysk Iglau ) er ein by i Tsjekkia , som ligg midt i regionen Vyso?ina ved elva Jihlava (tysk Igel ). Her lag den gamle grensa mellom Mahren og Bohmen , og byen er av dei eldste gruvebyane i Tsjekkia, om lag 50 ar eldre enn Kutna Hora .

Av dei viktigaste byggverka i byen finn ein dei tidlege gotiske kyrkjene St. Jakob, Den vesle munkekyrkja av Var Frue og den dominikanske kyrkja av Den heilage krossen, barokkyrkja St. Ignatius av Loyola, radhuset og fleire offentlege bygg i gotisk og renessansestil. Det finst og ein jødisk gravplass med mange usedvanlege monument, som gravsteinen til foreldra til Gustav Mahler .

Ein gammal slavisk busetnad ved vadestaden over elva (først nemnd i 1233) vart flytta til ein nærliggande as der gruvebyen vart grunnlagd (om lag 1240) av kong Vaclav I i mellomalderen . Han var stort sett busett av tyskarar fra nord i Bayern og øvre Sachsen . Gruvene fra mellomalderen med gruvebusetnader rundt lag utanfor bymurane. I følgje ei segn skal det ha vore sølvgruver i drift her sa tidleg som 799 , men det finst ingen historiske bevis for dette.

Under hussittarkrigane var Jihlava ein katolsk by og klarte a sta imot ei rekkje omleiringar. Seinare, den 5. juli 1436 vart det gjort ein avtale med hussittane der keisar Sigismund anerkjende kongen av Bohmen. Ei utskjering i marmor nær byen markerer staden der Ferdinand I i 1527 svor truskap til den bømiske statane.

Under trettiarskrigen vart Jihlava erobra to gonger av svenskane . I 1742 vart han underlagd Kongedømet Preussen under den austerrikske arvefølgjekrigen , og i desember 1805 vart bayarane under Wrede slatt nær byen. I 1860 var byen barndomsheim for den bøhmsk-austerrikske komponisten Gustav Mahler .

Før 1945 var Jihlava senter for den nest største tysktalande enklaven i Tsjekkoslovakia (etter Schonhengst/ H?ebe?sko ). Etter den andre verdskrigen var over vart dei tyske innbyggjarane i byen anten drepne eller fordrivne.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]