Jehovas vitne-møte i ein
Salao do Reino
(Rikessal eller Rikets sal) i Portugal.
Jehovas vitne
er eit internasjonalt og verdsomfattande trussamfunn. Jehovas vitne kallar seg
kristne
og baserer trua si pa tekstane i
Bibelen
, slik desse vert tolka av trussamfunnet si leiing i
Sambandsstatane
. Dei har ei lære som skil seg vesentleg ut fra dei fleste andre kristne trussamfunna, som dei og markerer avstand til. Jehovas vitne ser sin religion som den einaste sanne.
Jehovas vitne er vidkjende i
Noreg
og store delar av verda for omfattande
misjonsverksemd
ovanfor alle som ikkje høyrer til trussamfunnet. Dei kallar seg Jehovas vitne fordi dei meiner at
Jehova
er det rette namnet pa
Gud
.
Jehovas vitne har om lag 8,6 millionar medlemer.
[1]
'"Den gylne tidsalder
. Dansk magasin fra 1934.
Den unge
Charles Taze Russell
danna i byrjinga av
1870-ara
ei
bibelstudiegruppe
i
Allegheny
i
Pennsylvania
i USA. Med tida voks gruppa, og medlemmene vart med tida kalla ≪Dei Internasjonale Bibelstudentane≫. I
1931
hadde trussamfunnet, som no var ein internasjonal, religiøs organisasjon, namnet Jehovas vitne. Dei meiner at deira tru og handlingar ikkje representerer noko nytt, men er ei gjenoppretting av kristendomen fra det første hundrearet.
Bibelstudentane grunnla og
Watch Tower Bible and Tract Society
(
Vakttarnets bibel- og traktatselskap
). Det vart registrert i
1884
, og Russell vart president i dette selskapet.
Jehovas vitne har oppover i historia vorte utsette for forfølging og motstand i mange land. Under krigen døydde mange av dei i
Nazi
-
Tyskland
sine
konsentrasjonsleirar
.
Lærar og elev i bibelstudiar.
Jehovas vitne meiner namnet Jehova er ei form av
JHVH
(
hebraisk
:
????
), som er stavinga av Gud sitt namn i
Det gamle testamentet
.
Jehovas vitne meiner at dei første kristne gjorde som israelittane i gammal tid, og brukte Guds namn JHVH i tilbedinga. Dei har derfor gjeninnført namnet ogsa i
Det Nye Testamentet
, sjølv om tetragrammet JHVH ikkje finst i den greske grunnteksten.
Jehovas vitne meiner at Jesus Kristus var guddommeleg, og son til Gud, men at Jesus er underordna Gud. Dette er ulikt andre kristne gruppers
kristologi
, som seier at Faderen og Sonen er same Gud. Jehovas vitne lærer at Jesus er den same som
erkeengelen Mikael
; han var Mikael før han kom til jorda, og han blei Mikael att etter at han steig opp til himmelen. Jehovas vitne meiner at Gud øydela Jesu jordlege lekam og at Jesus stod opp att med ein andeleg lekam. Dei meiner og at Jesus vart avretta pa ein
staur
og ikkje pa ein
kross
. Ordet ≪kross≫ er difor byta ut med ≪pæl≫ i deira bibelomsetjing.
Vitna har sidan
1930-ara
trudd at 144 000 personar vil kome til himmelen, mens resten av Guds tenarar vil fa leve evig pa jorda i framtida. Dei som ikkje er medlemer, vil verta utsletta under
Harmageddon
.
Vitna meiner
blodoverføringar
ikkje er tillate etter Guds lov. Dei nektar derfor a akseptere medisinsk behandling som involverer blodoverføring.
Evangeliserande Jehovas vitne.
Vitna er kjende for sitt internasjonale, nært knytte brorskap. Dei tar avstand fra feiring av
jul
,
bursdagar
og andre ikkje-bibelske skikkar. Dei er
militærnektarar
og deltek ikkje i offentleg
politikk
. Dei har forbod mot a eta
blod
og mot a bruke
tobakk
.
Det er venta at alle medlemar skal vera forkynnarar som deltek i evangelisering ved a oppsøkja folk i heimen og pa gatene. Litteratur, til dømes blada
Vakttarnet
og
Vakn opp!
, som kjem ut pa ei rekkje sprak, vert delt ut gratis som ein del av forkynninga deira.
Dei praktiserer offentleg
dap
ved fullstendig nedsenking i vatn. Barn, sa vel som nye medlemar, kan tene som ≪udøypte forkynnarar≫ fram til dei vert døypte.
Dei held møte tre gonger i veka, to gonger i forsamlingslokalet
Rikets sal
og ein gong i
private heimar
, og held større stemne tre gonger i aret. Dapen gar vanlegvis føre seg pa desse stemna. Dei feirar
nattverd
, eller ≪minnehøgtid≫, berre ein gong i aret.
Heile trussamfunnet vert leia fra hovudkontoret i Sambandsstatane, der ei gruppe godt vaksne eller eldre menn utgjer det internasjonale styrande rad. Dei har hovudansvaret for a administrere vitna si verksemd. I byrjinga var det styrande rad identisk med styret for Vakttarnselskapet. Dette vart endra i
1970-arene
, og selskapets styre vart skilt fra radet i
2000
.
Kvar forsamling utnemner kvalifiserte menn til ≪eldste≫; tittelen
prest
er ikkje nytta. Det er spesielt dei eldste som er ansvarlege for disiplin og forkynning. Reisande tilsynsmenn vitjar forsamlingane to gonger i aret pa vegne av organisasjonen.
Det finst i dag meir enn 119 485 forsamlingar fordelt over heile verda.
Hovudsenteret til Jehovas vitne i Noreg ligg i
Enebakk
. Deira omsetting av bibelen,
Ny Verden-oversettelsen,
kom pa norsk i
1996
.